Dei beste småkongane

Gamle Kortsjnoj vinn mot ein ung Caruana i 2011.
Gamle Kortsjnoj vinn mot ein ung Caruana i 2011.
Publisert

Kongerekkja i sjakkhistoria tel berre 16 verdsmeistrar på 133 år, dei 16 store frå Wilhelm Steinitz i 1886 til Magnus Carlsen. Her har eg rangert dei nest beste før Carlsen-epoken.

Polsk-russiske Akiba Rubin­stein (nr. 6) var best i verda rundt 1910, eit sluttspelgeni utan nervar til konkurransesjakk. Han ottast menneskeleg kontakt og sat på ein stol i hjørnet av lokalet når motstandaren var i trekket. Dei siste 30 åra levde han isolert på eit psykiatrisk sjukehus i Belgia.

Ukrainske David Bronstein (nr. 5) var ein irrasjonell tryllekunstnar på brettet. Han kunne tenkja på det fyrste trekket i 40 minuttar. («Stillinga er komplisert, må de skjøna!») Han var nære på å vinna VM-kampen mot Mikhail Botvinnik i 1951 (12–12), men sa sjølv at han ikkje ønskte tittelen.

Veselin Topalov (nr. 4), fødd i 1975, er heime i Bulgaria rekna som verdsmeister. Han var nummer éin i verda før Kramnik og Anand; han var den siste som slo Kasparov, og han har vunne fleire parti mot Carlsen. Men bulgararen er kontroversiell og har ein manager som er persona non grata i internasjonal sjakk.

Amerikanaren Paul Morphy (nr. 3) var det fyrste store sjakkgeniet på midten av 1800-talet, før verdsmeistertittelen kom i 1886. Han er den einaste «eigenlege verdsmeisteren» ifølgje Bronstein, som meinte at den moderne sporten «med pengar og titlar» hadde øydelagt den romantiske kunstsjakken til Morphy.

Den estiske folkehelten Paul Keres (nr. 2) kan ha vore best i verda rett etter den andre verdskrigen, men han var ikkje favoritten til den sovjetiske sportskomiteen og fekk aldri sjansen til å spela ein VM-kamp. «Estland var uheldig; det var eg òg», sa mannen som historia gav eit nytt heimland, Sovjetunionen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement