Dei beste nasjonane
Er Armenia den fremste sjakknasjonen? Her frå Sjakkens hus i Jerevan med verdsmeister Petrosjan på veggen.
Foto: Vibeke Ekeland Grønn
Noreg, Island, Russland, India eller Armenia?
Det unike med Noreg er stjernestatusen til Magnus Carlsen og sjakk som TV-underhaldning. Målt i talet på stormeistrar per million innbyggjarar har vi framleis langt opp til vesle Island, som vart råka av sjakkfeber etter VM-kampen i Reykjavik mellom Fischer og Spasskij i 1972. Interessa den gongen gav Sagaøya, med eit folketal litt større enn Bergen, eit dusin nye stormeistrar dei neste 40 åra. Då Carlsen vart fødd, hadde Noreg framleis berre éin stormeister (Simen Agdestein) – i dag har vi 16 i open klasse og ein ukrainskfødd stormeister for kvinner (Olga Dolzjikova).
Samanlikna med Russland, som har den rikaste sjakkulturen, kjem stormeistrane våre godt ut. Russland toppar suverent lista med om lag 250 stormeistrar (pluss nærmare 30 kvinnelege stormeistrar), men har jo eit folketal på 145 millionar.
India er i ei særstilling. Takka vera Vishy Anand har landet i dag truleg fleire sjakkspelarar, rett nok på lægste nivå, enn det er menneske i Russland. India er eit land nesten utan sportstradisjonar. (Utanom cricket og landhockey, der dei verkeleg er gode, har dei éin individuell olympisk gullmedalje i skyting frå 2008.) Sjakkens vogge fekk den fyrste stormeisteren sin med Anand i 1988. I dag har India sjakkbrettet fullt, med 64 stormeistrar totalt, med både gutar og jenter. Ja, dei nye indiske stormeistrane er som regel ungdom i tenåra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.