Degradert på himmelen
Sonden New Horizons på veg til Pluto.
Foto: Wikipedia
Astronomien er ein gammal vitskap. Stjernehimmelen over oss har alltid utfordra mennesketanken. Gamle kulturar, frå Babylon i aust til mayakulturen i vest, viser spor av avansert kunnskap om stjernehimmelen. Mange meiner at Stonehenge, denne underlege steinsamlinga i Sør-England, er knytt til og får si meining av stjernehimmelen.
Grekarane og romarane knytte gudane sine til stjernehimmelen. Då kristendommen kom, var stjernene på nordhimmelen døypte. Det finst ingen kristne namn på den nordlege stjernehimmelen. Då europearane omsider kom sør for ekvator, var dei kristna. Så fekk det største stjernebiletet på sørhimmelen namnet Sydkorset.
Mange oppdaga at det fanst to slag stjerner på himmelen. Nokre stod i ro, medan andre var på stendig vandring. Desse siste kalla grekarane vandrestjerner, planetar, og det er dei sidan blitt heitande.
For astronomien var Newtons gravitasjonslover eit enormt framsteg. Dei ordnar universet som eit slag trafikkpoliti. Desse lovene gjer det mogeleg å finne og bestemme banen for dei ulike stjernene, ved observasjonar og avansert matematikk. Ved gravitasjonen, denne underlege krafta, påverkar stjernene kvarandre og banane til kvarandre.
Tidleg i førre hundreåret vart astronomane merksame på at det var noko som plaga Neptun, den fjernaste planeten i solsystemet vårt. Neptun var uroleg i den banen han burde følgje. Det måtte vere ein himmellekam utanfor Neptun som forstyrra han. Kva var det? Mange leita. Det gjorde også astronomane på det store Lowell-observatoriet i USA. Der var det tilsett ein mann som heitte Clyde Tombaugh. Han var ikkje astronom, men var tilsett for å halde auge med instrumenta.
Han kom til å interessere seg for desse plagene til Neptun. Han retta det beste kameraet dei hadde, mot stjernehimmelen. Han brukte svært lang eksponeringstid. Bileta han fekk, feste han på ei glasplate. Dette gjorde han regelbunde over lang tid. Så la han glasplatene ved sida av kvarandre for å sjå om det var noka stjerne som hadde flytta på seg, frå bilete til bilete. Det var det. Ein liten lysflekk var på stendig vandring. Det var urokråka som plaga Neptun. Den nye planeten var funnen. Han fekk namnet Pluto, etter den greske guden Pluton, herskaren over dei døde. Pluto var så langt ute at det ikkje kunne vere liv der. Dette var i 1930.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.