JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Degradert på himmelen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sonden New Horizons på veg til Pluto.

Sonden New Horizons på veg til Pluto.

Foto: Wikipedia

Sonden New Horizons på veg til Pluto.

Sonden New Horizons på veg til Pluto.

Foto: Wikipedia

4257
20171027
4257
20171027

Astronomien er ein gammal vitskap. Stjernehimmelen over oss har alltid utfordra mennesketanken. Gamle kulturar, frå Babylon i aust til mayakulturen i vest, viser spor av avansert kunnskap om stjernehimmelen. Mange meiner at Stonehenge, denne underlege steinsamlinga i Sør-England, er knytt til og får si meining av stjernehimmelen.

Grekarane og romarane knytte gudane sine til stjernehimmelen. Då kristendommen kom, var stjernene på nordhimmelen døypte. Det finst ingen kristne namn på den nordlege stjernehimmelen. Då europearane omsider kom sør for ekvator, var dei kristna. Så fekk det største stjernebiletet på sørhimmelen namnet Sydkorset.

Mange oppdaga at det fanst to slag stjerner på himmelen. Nokre stod i ro, medan andre var på stendig vandring. Desse siste kalla grekarane vandrestjerner, planetar, og det er dei sidan blitt heitande.

For astronomien var Newtons gravitasjonslover eit enormt framsteg. Dei ordnar universet som eit slag trafikkpoliti. Desse lovene gjer det mogeleg å finne og bestemme banen for dei ulike stjernene, ved observasjonar og avansert matematikk. Ved gravitasjonen, denne underlege krafta, påverkar stjernene kvarandre og banane til kvarandre.

Tidleg i førre hundreåret vart astronomane merksame på at det var noko som plaga Neptun, den fjernaste planeten i solsystemet vårt. Neptun var uroleg i den banen han burde følgje. Det måtte vere ein himmellekam utanfor Neptun som forstyrra han. Kva var det? Mange leita. Det gjorde også astronomane på det store Lowell-observatoriet i USA. Der var det tilsett ein mann som heitte Clyde Tombaugh. Han var ikkje astronom, men var tilsett for å halde auge med instrumenta.

Han kom til å interessere seg for desse plagene til Neptun. Han retta det beste kameraet dei hadde, mot stjernehimmelen. Han brukte svært lang eksponeringstid. Bileta han fekk, feste han på ei glasplate. Dette gjorde han regelbunde over lang tid. Så la han glasplatene ved sida av kvarandre for å sjå om det var noka stjerne som hadde flytta på seg, frå bilete til bilete. Det var det. Ein liten lysflekk var på stendig vandring. Det var urokråka som plaga Neptun. Den nye planeten var funnen. Han fekk namnet Pluto, etter den greske guden Pluton, herskaren over dei døde. Pluto var så langt ute at det ikkje kunne vere liv der. Dette var i 1930.

Etter kvart lærte dei meir. Pluto var ein liten planet, berre Merkur er mindre. Og han bruker 248 år på ferda rundt sola.

For Tombaugh kom dette til å endre livet hans. Han fekk utdanning og vart astronom. Borna hans fekk utdanning. Pluto forma livet vårt, sa dottera i eit fjernsynsintervju.

Så var Pluto på plass, og planetsystemet vårt var ferdig. Neptun hadde snakka sant. Det var ein granne der ute som plaga han.

Atomfysikken skapte nye grunnstoff. Eit av dei fekk namnet plutonium, etter Pluto, etter at gamle Neptun først hadde fått neptuniumet oppkalla etter seg.

Så rakna det. Astronomane fann ut at Pluto var i eit belte av himlakroppar, det såkalla Kuiperbeltet. Og der var det mange av same art som Pluto. Og om det var mange av arten hans, kunne han ikkje få vere med i det eksklusive selskapet som planetane rundt sola vår er. Pluto vart degradert til å vere ein dvergplanet, ein av mange.

Det vekte oppsikt. Pluto var ein populær planet, kanskje også fordi Walt Disney hadde kalla hunden til Mikke Mus Pluto. Det vart demonstrert i gatene mot degraderinga. Det hjelpte ikkje.

No skal vi få vite meir om Pluto. Ein sonde på storleik med eit flygel passerte Pluto og tok bilete av planeten 25. oktober i fjor. Ferda frå Cape Canaveral i Florida varte i ni år, og sonden er no på veg til Kuiperbeltet. Kjernekraft er energien om bord. Noko har vi alt fått vite. Det er fjell på Pluto, med snø på toppane. Snøen er ikkje frosen vassdamp, som hos oss. Han er frosen metan. Det er ei anna verd.

Så har denne vesle lysflekken Tombaugh fann på glasplata si, skapt ei heil historie. Men det veit nok denne degraderte dvergplaneten ingenting om. Han har nok heller inga aning om at han snart skal få fint besøk frå Tellus, der kloke folk for nokre år sidan flytte han ned frå det finaste selskapet, planetselskapet, til det nest finaste, dvergplanetselskapet.

«Stjärnorna kvittar det lika», skriv Nils Ferlin.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis