Kunnskap

Dårande dåre, våghalsen havsule

«Suler kan gå frå å vere langsynte i lufta til å vere nærsynte under vatn på ein tidels sekund.»

Med eit vengjespenn på mellom 1,65 og 1,85 meter vert havsula rekna som den største sjøfuglen i Nordatlanteren. Augo sit nokså langt framme på hovudet, noko som gir havsula godt djupnesyn.
Publisert Sist oppdatert

Oktober går mot slutten, og vi er i Benalmádena, ein forstad til storbyen Málaga i Sør-Spania. Etter ein lang reisedag og ei kort natt er det stranda som gjeld. Ho verkar populær, men langt frå overfolka denne vindfulle sundagen. Menneske i alle aldrar ligg og badar, godt spreidde langs Middelhavet. Nede langs muren som ber den opphøgde promenaden, veks eit banantre og rugar på den gigantiske burgunderraude blomen sin.

Eg går frå eit sandslott under bygging og tek ein liten spasertur. Kikkerten er med, men det blæs såpass at det er vanskeleg å halde han stødig. Eg har også med meg kamera. Det var ikkje plass til telelinse i bagasjen, men ei 105 mm kan vere betre enn ingenting, skal det syne seg.

Nokre måsar seglar med opne vengjer over havet. Stundom flyg ein eller to av dei over stranda, mot byen. Eg held fram i vindkasta og stoppar ved neste seglande fugl eit stykke unna. Han er større enn måsane, og kroppsfasongen er annleis. Heile omverda er i rørsle på grunn av vinden, og eg tek fram kameraet.

Når eg zoomar inn på dei uskarpe bileta, ser eg dette, tydeleg trass i motlys og uklare konturar: lange, smale, kvite vengjer med svarte tuppar, eit nebb som er både lengre, spissare og kraftigare i rota enn på ein måse, og som kjem i forlenginga av ei heller slak panne, eit blikk retta nedover mot havet. Bak kroppen er stjerten spiss. Ved stranda i Benalmádena flyg ei havsule.

Som dei aller fleste havsulene må denne ha sett dagens lys på ein ganske annleis plass enn denne låge, flate kystlina: på eit fuglefjell på ei øy eller langs ein steinete kyst nord for desse breiddegradane. Havsula hekkar på begge sidene av Atlanterhavet, i hovudsak mellom den 46. og den 70. breiddegraden, altså mellom Frankrike og Finnmark. I dei siste tiåra har nokre få par hekka ved Middelhavet, spreidd langs kysten av Provence og Liguria, 1500–2000 kilometer nordaust for Málaga. Desse hekkingane er eit nytt fenomen, men arkeologiske studiar har synt at havsuler hekka i regionen i forhistorisk tid. I byrjinga av 1900-talet var arten i alle høve borte frå Middelhavet som hekkefugl.

Mest sannsynleg kjem havsula som flyg langs stranda i Benalmádena, frå ein koloni i Atlanterhavet. Når sesongen for produksjon og oppfostring av ein ny generasjon er på hell, i september, forlèt både vaksne og unge fuglar hekkeplassane og flyg mot sør. I dei vestre delane av utbreiingsområdet vil reisa ta dei frå vatna utanfor Canada og Nordvest-USA til Mexicogolfen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement