Dagbladet på sitt beste

Med lang fartstid i Dagbladet: Jørgen Juve (1906–1983) og Olaf Barda (1909–1971).
Med lang fartstid i Dagbladet: Jørgen Juve (1906–1983) og Olaf Barda (1909–1971).
Publisert

For nokre år sidan fekk Magnus Carlsen spørsmålet om kven som er den største norske idrettsutøvaren gjennom tidene. TV-sjåarane skulle gjetta svaret hans, men det sat langt inne: Jørgen Juve. Om ein er fotballentusiast, er det ein viss logikk i svaret, sidan Juve har den suverene rekorden på landslaget med 33 mål på 45 kampar. I berre 24 av kampane var Juve spiss, ofte var han i forsvarsrekkja. Han var òg kaptein på bronselaget under OL i Berlin i 1936.

Etter karrieren vart Juve ein profilert journalist i Dagbladet, med interesse for mykje rart, til dømes sjakk. Dagbladet hadde ei legendarisk dagleg sjakkspalte frå midten av 1950-åra ved Olaf Barda, ein personlegdom som ifylgje sjakkhistorikar Øystein Brekke i Store norske leksikon er «den mest allsidige begavelsen i norsk sjakkhistorie». Kor som er, under sjakk-OL i Varna i 1962 sende Barda son sin, Yngvar, som korrespondent for avisa. Det vart ein fiasko, for Yngvar kom aldri gjennom på telefonlinene frå Bulgaria. Men Yngvar, som sjølv spela på norsk elitenivå, fekk ein fin tre vekers ferie.

Til neste sjakk-OL, i Tel Aviv i 1964, sende Dagbladet sjølvaste Jørgen Juve, som skulle rapportera heim til Olaf Barda. Den 9. november er tittel i sjakkspalta «Brudd på linjen». Men lukkelegvis er dette ein humoristisk metafor frå Barda og viser til ei sjakkstilling der kvit bryt ned forsvarslina til svart. Dagbladet tek ikkje sjansen på telefonlinene, og Juve er på plass med korrespondentbrev dagen etter. Den 11. november skriv Barda: «Og fra Israel kan vi for øvrig for filatelister meddele at landet har utgitt frimerker i anledning av olympiaden. Frimerkene på Juves brev viser verdien 0,70, er grønne med et tårn på venstre side og har et sjakkbrett som bunn.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement