Då ti dagar vart borte

Pave Gregor XIII greip inn for å få kalenderen i takt med sola.
Pave Gregor XIII greip inn for å få kalenderen i takt med sola.
Publisert

Julius Cæsar gjorde det egyptiske nilåret, som var nære på identisk med eit solår, til kjernen i kalenderen sin, den julianske kalenderen, som vart Europas kalender. Dette gjekk bra lenge. Men etter kvart dukka det opp problem. Det nøyaktige solåret, den tida jorda bruker på si årlege ferd rundt sola, er på 365 dagar, 5 timar, 48 minutt og 46 sekund. Det er 11 minutt og 14 sekund mindre enn dei 365 og ein kvart dagane som var lengda på det egyptiske/julianske nilåret/solåret.

Denne skilnaden samla seg opp, år for år. Merkedagane seig framover i kalenderen. Meir og meir kom kalenderen i utakt med sola og årstidene. Kyrkjemøtet i Nikea hadde lagt vårjamdøgn til 21. mars. Påsken kom då etter første fullmåne etter vårjamdøgn, som han framleis gjer. I 1582 hadde dette merkedøgnet sige til 11. mars. Den oppsamla skilnaden mellom det eksakte solåret og det egyptiske nilåret/solåret var no blitt til ti dagar.

Noko måtte gjerast for å få kalenderen i takt med sola og årstidene. Saka hadde vore drøfta lenge.

Paven, Gregor XIII, greip inn. Han dikterte at i dette året skulle 4. oktober etterfølgjast av 15. oktober. Ti datoar vart strokne. I tillegg endra han på det julianske skotåret. No fekk hundreåra lov å vere skotår berre når dei kunne delast på 400.

Den gregorianske kalenderen var skapt. Kalenderen og sola var komne i takt. Det er framleis pavens kalender vi lever med.

At endringa kom frå paven, vart eit problem. Paven stod ikkje høgt i kurs hos protestantane. Dei kom seint etter: Danmark-Noreg i år 1700, Sverige i 1753, USA og England i 1752.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement