Då tala greip ordet
Matematikaren Ole Jacob Broch med ordens-teikn for Æreslegionen og ordensstjerner for St. Olavs Orden og Nordstjerneordenen.
Foto: Wikipedia
Statistikk er å samle tal og data og tvinge dei til å fortelje ei større historie enn dei er i stand til å fortelje kvar for seg. I dag vassar vi i statistikk, om økonomi, helse, sport, mat og kva det skal vere. Statistikken er tungt inne i samfunnet, og styringa av den største statistikkprodusenten, Statistisk sentralbyrå, blir ei heit politisk sak, i regjering og storting.
Pest er ei av dei store plagene i historia. Han har hausta grovt, som under svartedauden og seinare. I 1654 døydde tredjeparten av innbyggjarane i Kristiania av pest. 20 år før, i 1625, vart fjerdeparten av innbyggjarane i London råka av same lagnaden.
I London hadde dei lenge ført dødslister. Frå 1652 skreiv dei dødsårsaka på listene, om dei visste kva årsaka kunne vere. Ein kjøpmann, John Graunt, byrja å samle desse listene og setje dei saman. I 1662 gav han ut eit lite skrift om arbeidet sitt: Natural and political observations mentioned in a following index and made upon the bills of mortality.With reference to the government, religion, trade, growth, ayre, diseases, and the several changes of the said city. Skriftet vart spreidd til vitskapsakademiet, som gjorde kjøpmannen Graunt til medlem i det fine selskapet. Statistikken som fag var fødd.
Og han spreidde seg raskt. I eit skrift til jubileet for Statistisk sentralbyrå i 2001 fortel Espen Søbye om då statistikken kom til Noreg. Ein merkedag er 31. mai 1797. Då vart det vedteke at det skulle skipast eit Tabellkontor under Rentekammeret som skulle lage tabellar over folkemengd, handel og skipsfart, fabrikkar og manufaktur i Danmark og Noreg. No skulle tala kom til orde og fylle historia.
I 1873, før den politiske stormen ti år seinare, gjorde stortingspresident Johan Sverdrup framlegg om at det skulle løyvast pengar til «Udgivelse af et statistisk-topografisk Værk over Norge», der «alt af væsentligere Betydning» kunne takast med. Så vart gjort. Pengane kom. Arbeidet var i gang.
I 1885 kom det første bandet i bokserien, om Smaalenenes Amt. Østfold, med andre ord. Søbye gjev døme frå innhaldet: «…i aarene 1881–83 gj.sn.til utlandet afsendts fra Fredrikstad 45700 breve…medens der ankom 66600 breve». Samtidig sende folket i Fredrikstad 4744 telegram til utlandet, medan dei fekk 5593 telegram tilbake. Dei svara ikkje på alle breva og telegramma, konstaterer Søbye. Boka fortel også at Trøgstad kyrkje var ei av dei tre kyrkjene «søndenfjelds» som hadde orgel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.