JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Då Smyslov var gamal

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vasilij Smyslov (1921–2010). Bilete frå 1971.

Foto: Novosti Press

2228
20200214
2228
20200214

Om det finst éin distingvert, høgreist mann i sjakkhistoria, er det Vasilij Smyslov, verdsmeisteren i 1957–1958. Det var aldri aktuelt for den etter kvart ganske gamle mannen å leggja bort sjakkbrikkene. Brikkene var livet hans.

Men synet var dårleg, som under ei turnering i Calcutta i 1995: Smyslov spela godt og slo den eine stormeisteren etter den andre, men så tok han ein snøgg remis mot Katsjeisjvili, ein ung georgiar med låg rating.

– Kvifor freista De ikkje å vinna, Vasilij Vasilijevitsj, spurde stormeister Krasenkov etter partiet.

– Å, De veit, Kosasjvili er jo særs sterk. Eg har spela mot han før.

– Men det var jo ikkje Kosasjvili, men Katsjeisjvili De spela mot, sa Krasenkov.

– Seier De det? Ja, ja, det er vel òg ein god sjakkspelar.

Rett nok var Kosasjvili, den imaginære motstandaren til Smyslov, ein lovande israelsk sjakkmeister som gifta seg med den mellomste av Polgar-systrene.

I den same turneringa møtte Smyslov den ukrainske stormeisteren Vladimir Malanjuk. Den gamle mannen ofra to bønder og vann med eit åtak mot kongen.

– Korleis kunne eg tapa ei stilling med to bønder over, spurde ein fortvila Malanjuk retorisk etter partiet.

– Eg kunne jo berre ha gjort slik og slik…

Smyslov høyrde på argumenta utan å seia noko. Då Malanjuk var ferdig med analysane sine, kommenterte Smyslov:

– Kva kan ein seia? De spela mot ein person som ikkje skjønar stort av sjakk. Slikt kallar ein uflaks!

Året etter var Smyslov på plass under ei turnering i Frankrike. No hadde han gløymt alle andre språk enn russisk. Han analyserte viljug med dei unge franske motstandarane, som ikkje skjøna eit ord, men nikka vyrdsamt til den gamle meisteren.

Og så i 1997, 76 år gamal, var han med i den nye FIDE-verdsmeisterskapen.

– Nyttar De datamaskin i førebuingane til partia, spurde kollegaene.

– Datamaskin? Eg er jo nesten blind! sa Smyslov.

Synet vart så dårleg at han måtte gje seg med turneringssjakk, men han fekk eit dusin år heime i Moskva med kona og katta Belka, der han komponerte eit hundretal sjakkoppgåver i verdsklasse. Belka velta brikkene slik at dei fall ned på golvet, men Smyslov hadde stillinga lagra i hovudet.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis