Då sjøfolka slo teologane
Ptolemaios er ein av dei store i karthistoria.
Kartet tilhøyrer kvardagen vår, anten vi høyrer dagsnytt eller vi vandrar i byen. Det var grekarane som byrja å lage kart. Ptolemaios, han med det geosentriske verdsbiletet som Copernicus bytte ut, er ein av dei store i karthistoria.
Tidleg på 300-talet vart kristendommen statsreligion i Romarriket. Det hadde mange slags konsekvensar, mellom anna for utviklinga av kartteikninga. Bibelen vart no den store autoriteten, også når karta skulle teiknast.
Eit utgangspunkt var profeten Esekiel, femte kapittel, der Gud seier: «Dette er Jerusalem. Midt mellom folkeslaga har eg sett henne, og omkring henne ligg det mange land.» Dermed var det klårt at Jerusalem skulle vere sentrum på kartet, det resten orienterte seg ut frå. Men det var meir som skulle på kartet. Kvar låg Edens hage, paradis? Edens hage vart plassert i aust, øvst på kartet. Det som låg i aust, aust for Jerusalem, var det viktige. Der låg paradis, og Jesus skulle kome igjen i aust. Difor var aust øvst på kartet. Dette ber vi framleis med oss i språket. Vi snakkar om å orientere oss, anten vi sit i biblioteket eller spring i skogen. Å orientere seg er så sjå austover, mot Orienten, slik dei gamle karta var bygde opp.
Ein irsk munk, Brendan, som levde rundt 500 e.Kr., meinte at Edens hage låg i vest. Han segla vestover og fann ei vedunderleg øy. Ho vart heitande St. Brendans øy og kom på kartet. Då ekspansjonen på havet kom på 1700-talet, var ho borte. Ingen fann henne. Men ho var på kartet i over 1000 år.
Esekiel talar om Gogs og Magogs rike. Det gjer Johannes’ openberring òg. Men kvar var dette riket, på kartet? Det vart sendt ut ekspedisjonar for å finne det.
I India budde prestekongen Johannes presbyter. Han var mektig og hadde slått muslimane. I eit brev frå 1165 lova han å hjelpe Europa mot islam. Det vart spreidd i store opplag, og riket hans kom på kartet. Så vart han og riket borte, også frå kartet, som dei fantasifigurane dei var.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.