¿ Då sjakk kom på TV
«Pling! Vi har eit trekk!» Bilete av Shelby Lyman frå det amerikanske sjakkforbundet.
Lytt til artikkelen:
Den dagen tradisjonell, lineær TV vert historie og ein skal gjera opp status, vil kapittelet om sjakk vera ganske stutt. Eit høgdepunkt, som er godt kjent over heile sjakkverda, er sjølvsagt suksesshistoria frå Noreg med Magnus Carlsen og NRK i brodden. Fagpersonar i TV-bransjen diskuterer kva som gjer at NRK kan samla halve folket til fem timar på 64 felt i svart og kvitt.
Men den fyrste store TV-suksessen kom i USA i 1972. Sidan VM-kampen i Reykjavik mellom amerikanaren Bobby Fischer og russaren Boris Spasskij vart spela i sumarferien, då det ikkje skjedde stort, valde TV-selskapet PBS, under tvil, å senda nokre timar frå fyrste parti med eit enkelt konsept: to demonstrasjonsbrett på ein vegg – eitt brett for den aktuelle stillinga og eitt brett for analyse. Ei dame kom inn i studio med ein lapp og eit pling når spelarane gjorde eit trekk i Reykjavik.
Ei hovudrolle vart spela av den ukjende sjakkmeisteren Shelby Lyman, ein amerikansk Torstein Bae, som stod for kommentarane. Han var ein sjarmerande krølltopp som kunne babla i veg og samstundes mista brikkene på golvet. Programmet vart ein suksess frå fyrste dag. Ein måtte finna ny sendetid til det populære barneprogrammet Sesame Street då sjakken vart utvida frå to til fem timar med sending frå 11. juli til 31. august. Aldri før hadde TV hatt så høg rating. Alle barane med TV-skjerm i New York sende sjakk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.