Då paven over-
tok Romarriket
Gelasius den første var pave i åra 492 til 496.
Foto: Wikipedia
Historia er kynisk og nådelaus. Glitrande makt og prakt kan ho sorglaust sope bort og slengje på skraphaugen sin. I mi levetid har vi sett det engelske koloniriket forsvinne saman med dei andre europeiske kolonirika. Sovjetunionen, ei dominerande stormakt, er ikkje meir. Hitlers paraderande stormaktsdraumar måtte i skammekroken før dei kom på skraphaugen. Maktgriske japanarar vart sende heim til øyriket sitt.
Som tiåring, i 1918, såg far at fire store keisarrike gjekk under: det russiske tsarveldet, det tyske keisardømmet, det osmanske keisardømmet og det austerriksk-ungarske keisardømmet.
Så kunne historia roleg vandre vidare. Tsarveldet overlèt ho til kommunismen, medan nazismen snart overtok etter den tyske keisaren. Midtausten strevar framleis med arven etter osmanane, som Balkan strevar med arven etter habsburgarane.
Kaldt og roleg regisserer historia drama etter drama, i uendeleg rekkje. Hennar største – og mest sjokkerande – drama ligg nok litt lenger tilbake i tid.
Romarriket dominerte den kjende verda, frå Skottland til Indiahavet, i tusenår. Så rasa det. I 476 fall Roma i hendene på barbarane. Germanaren Odovaker avsette keisaren og tok makta. Det var ute med Vestromarriket og Roma. Austromarriket stod seg eit tusenår til, før det vart rent over ende av dei tyrkiske osmanane. Så var også deira tid ute.
Så skjedde det merkelege. Roma reiste seg snart og plasserte seg på nytt som sentrum i Vest-Europa. Det var paven som var løftestanga i denne uvanlege og underlege prosessen. Paven, biskopen i Roma, vart førstemann blant biskopane i den romersk-katolske kyrkja. Éin grunn til dette var byens historiske prestisje. Ein annan grunn var at myten sa at både Peter og Paulus hadde lide martyrdøden i Roma. Og Peter var då Romas første biskop. Og dei blodige og alvorlege lærestridane i austkyrkja hadde overtydd kyrkja om at kontrollen av læra måtte samlast på ei hand. Paven vart såleis øvste religiøse leiar.
Men han overtok også administrasjonen av byen, ettersom den politiske og administrative rådløysa var stor. Pavestolen styrte byen meir og meir som ei regjering, skriv Erik Gunnes i Aschehougs verdenshistorie. Prestane i hovudkyrkjene i Roma, 28 i talet, fungerte som det gamle senatet. Dei overtok til og med uniformene deira: kvite sokkar og svarte sko.
Keisaren i Konstantinopel fanst framleis, og han gjorde krav på makt i Roma og over Roma. Det førte til konfliktar og til og med krig. Men folket i Roma stod på pavens side når det røynde på. Då keisaren i Konstantinopel sende ei hæravdeling til Roma for å arrestere paven, enda det så ille at leiaren måtte gøyme seg under pavens seng for å berge livet.
Kampen om den politiske makta mellom ein pavestol i stigning og stigande fyrstemakt i landa omkring, skulle prege Europa i hundreåra som kom. Pavestolens ideologi var forma av pave Gelasius i 496 e.Kr. Biskop og konge er to samfunnsmakter med ulikt ansvar. Men det åndelege ansvaret er størst, fordi kyrkja på dommens dag må stå til ansvar også for det kongane har gjort, sa Gelasius, og han fekk støtte av etterfølgjarane sine i pavestolen.
Slik, ved sin religiøse autoritet, kom biskopen i denne fallerte stormaktshovudstaden – paven, som han kalla seg – til å bli ei dominerande politisk makt i heile Vest-Europa. Han blanda seg, med full paveleg rett, inn i ekteskapsproblema til Henrik VIII i England, med det resultatet at England fekk si eiga kyrkjeordning, utan pave. Og då den norske kong Sverre ikkje skikka seg vel etter paveleg meining, kom det ein bannbulle frå Roma.
Den engelske filosofen Thomas Hobbes skriv om pavedømmet: «Det er ikkje noko anna enn ein attergangar av det falne Romarriket, – eit vesen som sit på grava til dette riket med ei krone på hovudet.»
Så kom Luther og Calvin, og kyrkja vart atter delt, i nord og sør, slik ho tusen år før var delt i aust og vest. I mellomtida hadde Roma gjort det kunststykket å bli sentrum i den kjende europeiske verda to gonger.
Det er ein prestasjon byen er åleine om i historia.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.