Då paven over-tok Romarriket

Gelasius den første var pave i åra 492 til 496.
Gelasius den første var pave i åra 492 til 496.
Publisert

Historia er kynisk og nådelaus. Glitrande makt og prakt kan ho sorglaust sope bort og slengje på skraphaugen sin. I mi levetid har vi sett det engelske koloniriket forsvinne saman med dei andre europeiske kolonirika. Sovjetunionen, ei dominerande stormakt, er ikkje meir. Hitlers paraderande stormaktsdraumar måtte i skammekroken før dei kom på skraphaugen. Maktgriske japanarar vart sende heim til øyriket sitt.

Som tiåring, i 1918, såg far at fire store keisarrike gjekk under: det russiske tsarveldet, det tyske keisardømmet, det osmanske keisardømmet og det austerriksk-ungarske keisardømmet.

Så kunne historia roleg vandre vidare. Tsarveldet overlèt ho til kommunismen, medan nazismen snart overtok etter den tyske keisaren. Midtausten strevar framleis med arven etter osmanane, som Balkan strevar med arven etter habsburgarane.

Kaldt og roleg regisserer historia drama etter drama, i uendeleg rekkje. Hennar største – og mest sjokkerande – drama ligg nok litt lenger tilbake i tid.

Romarriket dominerte den kjende verda, frå Skottland til Indiahavet, i tusenår. Så rasa det. I 476 fall Roma i hendene på barbarane. Germanaren Odovaker avsette keisaren og tok makta. Det var ute med Vestromarriket og Roma. Austromarriket stod seg eit tusenår til, før det vart rent over ende av dei tyrkiske osmanane. Så var også deira tid ute.

Så skjedde det merkelege. Roma reiste seg snart og plasserte seg på nytt som sentrum i Vest-Europa. Det var paven som var løftestanga i denne uvanlege og underlege prosessen. Paven, biskopen i Roma, vart førstemann blant biskopane i den romersk-katolske kyrkja. Éin grunn til dette var byens historiske prestisje. Ein annan grunn var at myten sa at både Peter og Paulus hadde lide martyrdøden i Roma. Og Peter var då Romas første biskop. Og dei blodige og alvorlege lærestridane i austkyrkja hadde overtydd kyrkja om at kontrollen av læra måtte samlast på ei hand. Paven vart såleis øvste religiøse leiar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement