Då papiret var dyrt

Eit eksemplar av Christian 3.-bibelen frå 1550, den fyrste utgåva på dansk.
Eit eksemplar av Christian 3.-bibelen frå 1550, den fyrste utgåva på dansk.
Publisert Sist oppdatert

Eg sløser med papir. Har eg skrive noko gale, kastar eg eit påbyrja ark og startar på nytt. Skal eg notere eit telefonnummer, skriv eg det på eit blankt A4-ark, som eg sidan kastar.

No har vi for mykje papir, og det er så billeg at papirindustrien har vondt for å greie seg. Vårt store papirfirma, Norske Skog, slit med gigantisk gjeld og låge prisar. Det blir snakka om konkurs.

Fleire og fleire les aviser, tidsskrift og bøker på skjerm. Fleire og fleire etatar kommuniserer med innbyggjarane via skjerm. Brev av ulikt slag blir færre. Postvesenet må skjere ned. Papiret, hovudgodset deira, er på nedtur.

Mykje tyder på at papiret har hatt si beste tid. I si velmaktstid gav det oss bøkene, avisene, byråkratisk orden, kunnskapsspreiinga og mykje meir.

Det var kinesarane som fann opp papiret. Første dokumenterte papir er frå 105 e.Kr.. Kinesarane heldt oppfinninga for seg sjølve, og først i 751 e.Kr. vart papir laga utanfor Kina, i Samarkand, av fangetatte kinesiske soldatar. Papiret breidde seg så i det mauriske kulturområdet og kom inn i Europa då spanjolane tok Valencia frå maurarane i 1238.

Papiret er ungt. Hos oss er det svært ungt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement