Då morkaka dukka opp
Fosterutviklinga flytte frå egget og inn i livmora i morskroppen. Der var det mat å få.
Foto: Wikimedia Commons
Vi er prega av historia vår, både som individ og samfunn. Som individ er vi prega av foreldra våre, både genetisk og sosialt, slik foreldra våre var prega av foreldra sine. Som samfunn er vi prega av hundreåra og tusenåra før oss, av politisk kamp om samfunnsmakt, og av tankar om politikk og makt, frå Egypt, Mesopotamia og oppover.
Dagens bøker om historia vår startar gjerne der. Mennesket – denne nykomaren som har busett seg på eit fnugg i det store universet – gjev seg og si samfunnsbygging hovudplassen i historia .
Tidlegare tider starta annleis. Svært mange gamle samfunn startar med ei skapingssoge, då alt kom i gang. Mytane var mange.
Historieskrivinga vår har kvitta seg med dei fleste av desse mytane. Til gjengjeld er historia før historia stort sett blitt borte. Epokegjerande hendingar, som har forma oss, er ikkje med i historieskrivinga. Historieskrivinga startar med det ferdige mennesket.
Men det ferdige mennesket hadde gått ein lang veg før det kunne overta historia.
Nyfødde born har ein mjuk og formbar skalle. Skalleelastisiteten gjer det mogeleg å drive eit foster med stort hjernevolum gjennom fødselskanalen kvinna har. Fontanellen gjer det mogeleg å bringe inn i verda skapningar med eit hjernevolum og ein hjernekapasitet som overgår alle andre dyr. Og det er dette hjernevolumet og denne hjernekapasiteten som gjer oss til herrar over skaparverket, og etter kvart over historia.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.