Då kyrkja bar samfunnet
Mange tek institusjonar som kyrkja for gitt.
Foto: Berit Keilen / NTB scanpix
Organiserte samfunn byggjer på institusjonar. I kvardagen vil dei fleste ta institusjonane som gitt, nærast som naturgitt. Men alle våre institusjonar: Staten, parlamentet, rettsapparatet og lovene og kyrkja er skapte og kjempa fram gjennom historia. Og dei har historie.
Innimellom bryt dei eksisterande institusjonane saman. Det kan handle om politisk kaos, revolusjon, der staten og rettsapparatet er sett i spel med usikker utgang. Eller det kan handle om okkupasjon, der staten er komen i framande hender. Då kan det skje at institusjonane skifter funksjon og karakter slik at det kjem til strid mellom institusjonane. Under den tyske okkupasjonen i Noreg la Høgsterett ned embeta sine, i protest mot den framande staten. Kyrkja gjorde det same. To sentrale og etablerte institusjonar var i strid med staten.
Dette har historia sett mange gonger. I 1166 intervenerte England i Irland for første gong. Det vart starten på eit hardstyre og ei lidingssoge som varer ved. Blandingsekteskap mellom irar og engelskmenn vart forbodne. Alt jordegods vart konfiskert. Den anglikanske kyrkjeordninga vart innført i det katolske Irland. Gudstenesta vart på engelsk, som irane forstod like dårleg som dei forstod latin. Katolikkane vart fråtekne dei fleste av dei borgarlege rettane.
Dette fekk langsiktige politiske konsekvensar. Då engelskmennene hadde øydelagt den innfødde irske adelen, vart dei forfølgde katolske prestane dei einaste leiarane det irske folket hadde. Det styrkte katolisismen i folket, ettersom han vart knytt til kampen for fridom og sjølvstyre. Og det medførte, seier den engelske historikaren George Macaulay Trevelyan, at irane i hundrevis av år var det folket i Europa som meir enn noko anna folk stod under leiing av presteskapet.
Då engelskmennene tok den irske staten, overtok den katolske kyrkja det irske samfunnet. Med tid og stunder felte historia dom. Ho er den øvste dommaren, seier Hegel. Engelskmennene måtte reise heim. Den katolske kyrkja vart verande.
I 1558 var både England og Skottland romersk-katolske land. To år seinare var dei begge protestantiske. For første gong på 250 år stod desse to stridbare grannane saman. Men idyllen var skrøpeleg. Trass i at dei no hadde sams protestantisk tru, var dei usamde om kyrkjestyret. Den engelske staten hadde stridd seg fram til at staten hadde makt og kontroll over kyrkja. Skottane hadde ei presbytersk kyrkjeordning som byggjer på eit rådsystem der makta over kyrkja er meir spreidd. Og denne kyrkja krev å stå over staten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.