Då kulden kom inn i varmen
Dr. Willis H. Carrier vart kalla far til klimaanlegget.
Foto: AP / NTB scanpix
Kulden og varmen er to naturfaktorar som formar livet vårt. Dei bestemmer kva vi steller med, kva vi et, kvar vi bur, korleis vi bur og korleis vi kler oss. Og dei formar tankane våre.
Jorda er slik opphengd i solsystemet vårt at ein del område har reint for mykje varme, medan andre har reint for mykje kulde. Folk ved Middelhavet, der varmen om sommaren kan vere plagsam, held seg med eit gloheitt helvete. Helvetet i nord, hos forfedrane våre, var iskaldt. Det som plaga oss mest her i livet, skulle også plage oss mest i det neste.
Der vêret skifter sterkt med årstidene, produserer vinteren mengder av is som så sommaren fjernar. Isen kjem ikkje til nytte då han trengst.
Så fann nokon på å lagre isen. Det vart ein heil industri. Om vinteren gjekk ein laus på isen på sjøane med sag og skar ut store isblokker. Desse vart så lagra i store, godt isolerte ishus, innpakka i sagflis. Der kunne isen vare sommaren gjennom. Det vart til og med bygd spesialskip som var så godt isolerte at isen kunne fraktast over hava. I Noreg hadde ein del store gardar ishus.
I sørstatane og veststatane i USA kunne sommaren vere plagsam. Mange prøvde å finne metodar for å lage kulde. Ein av dei var ingeniøren Willis Carrier, fødd i 1876. Han meinte han hadde funne noko. Ein varm julidag, 17. juli 1902, vart han kalla til eit boktrykkeri. Det var så varmt at trykksverta berre flaut på papiret. Ho ville ikkje stivne og leggje seg til ro. Carrier hadde oppfinninga si med seg, og starta opp. Temperaturen fall fort, og boktrykkinga kunne halde fram. 17. juli 1902 er fødselsdagen for fryseindustrien. Men det var langt fram. I 1906 tok han ut patent på oppfinninga si.
Omtrent samtidig som Carrier streva med å skape kulde, var den amerikanske filmindustrien i ferd med å vekse fram. Dei møtte snart eit plagsamt problem. I store delar av USA, både i sør og vest, var det så varmt om sommaren at det ikkje var verande i kinolokalet. Folk nekta å kome. Klimaet bremsa ein industri i vokster. Det måtte det gjerast noko med. Gamle isblokker var ikkje nok.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.