Då kongen gjorde opprør
Oscar Gustav Adolf Bernadotte (1858–1950) sat på trona i 43 år.
Foto: Wikipedia
Svensk historie er full av mektige kongar som har sett djupe spor etter seg, frå Gustav Vasa og oppover. Nokre av dei skapte den svenske stormakta. Andre rota bort alt saman.
Dette har gjort at det svenske kongehuset gjennom nyare historie har hatt langt høgare tankar om si eiga politiske rolle enn våre andre kongehus, danske eller norske.
Desse høge tankane har kollidert med det framveksande demokratiet med si suverene nasjonalforsamling og sin parlamentarisme, der regjeringa står ansvarleg for nasjonalforsamlinga, som ho går ut ifrå, og altså ikkje for kongen.
Desse kollisjonane har ført til at svenske politikarar har sett kongane på plass. Den svenske kongen er kanskje den mest ribba for maktfjører blant det som er att av europeiske kongehus. Ikkje eingong regjeringsskifte har han noko med. Han får sitje og vente til nokon kjem.
Karl XV, som var svensk/norsk konge midt på 1800-talet, lova danskekongen at landa hans skulle kome til hjelp i den dansk-tyske krigen i 1864. Denne krigen sa både Stockholm og Christiania nei til. Ibsen vart rasande og skreiv Brand og sinte dikt om dette sviket.
Men politikarane i begge landa såg til å få kongen under kontroll. Utanrikspolitikken skulle dei ha hand om. Kravet var sentralt frå norsk side i 1905.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.