JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Då kongen gjorde opprør

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Oscar Gustav Adolf Bernadotte (1858–1950) sat på trona i 43 år.

Foto: Wikipedia

3955
20191206
3955
20191206

Svensk historie er full av mektige kongar som har sett djupe spor etter seg, frå Gustav Vasa og oppover. Nokre av dei skapte den svenske stormakta. Andre rota bort alt saman.

Dette har gjort at det svenske kongehuset gjennom nyare historie har hatt langt høgare tankar om si eiga politiske rolle enn våre andre kongehus, danske eller norske.

Desse høge tankane har kollidert med det framveksande demokratiet med si suverene nasjonalforsamling og sin parlamentarisme, der regjeringa står ansvarleg for nasjonalforsamlinga, som ho går ut ifrå, og altså ikkje for kongen.

Desse kollisjonane har ført til at svenske politikarar har sett kongane på plass. Den svenske kongen er kanskje den mest ribba for maktfjører blant det som er att av europeiske kongehus. Ikkje eingong regjeringsskifte har han noko med. Han får sitje og vente til nokon kjem.

Karl XV, som var svensk/norsk konge midt på 1800-talet, lova danskekongen at landa hans skulle kome til hjelp i den dansk-tyske krigen i 1864. Denne krigen sa både Stockholm og Christiania nei til. Ibsen vart rasande og skreiv Brand og sinte dikt om dette sviket.

Men politikarane i begge landa såg til å få kongen under kontroll. Utanrikspolitikken skulle dei ha hand om. Kravet var sentralt frå norsk side i 1905.

Konflikten mellom kongehuset og politikarane toppa seg i 1912, under Gustav V, som var svensk konge under det meste av førre hundreåret. Han meinte at kongen hadde fått makta si frå Gud, og at parlamentarisme og den slags var tåpelege menneskelege påfunn. Her hadde han sterk støtte av dronninga si, den tyskfødde Victoria.

Sosialistar og den slags i regjeringa såg han på som skandaløst, når det fanst rikeleg tilgang på adelsmenn. Dronninga hadde vondt for å tvinge seg til å helse på dei, packet, som ho kalla dei. Mot parlamentarisme og politikarstyre var ho ubøyeleg, det einaste mannfolket på slottet, som den ekstreme høgresida kalla henne.

I 1912, då skyene breidde seg over den europeiske himmelen, ville regjeringa Staaff innføre ei lov om ålmenn folkepensjon for alle svenskar. Pengane skulle takast frå forsvarsbudsjettet.

Det ville ikkje kongen, øvstkommanderande i det svenske forsvaret, finne seg i. Han protesterte, også i statsrådsprotokollen. Kongen utfordra regjeringa.

Det vart strid med høg temperatur, både om forsvar og styringsform.

Bøndene vart mobiliserte for kongen, mot regjeringa.

Først i februar trilla 30 spesialtog med over 30.000 demonstrantar inn til Stockholm. Og kongen heldt ein vel førebudd tale, der han tala om «min flåte» og «min armé». Talen var ei utfordring mot statsministeren og heile det parlamentariske systemet, skriv Herman Lindquist i boka om det svenske kongehuset, Bernadotte: för Sverige hela tiden. Statsministeren hadde ikkje eingong fått lese talen.

Kongen ville ta styringsmakta tilbake.

Det var ikkje gjort med dette. To dagar seinare leidde Hjalmar Branting eit tog med over 50.000 arbeidarar og venstresympatisørar gjennom hovudstaden, langt fleire enn bøndene var. «Folkets vilja skall ensam bestämma i Sveriges land», sa Branting.

Nokre dagar seinare kom nokre tusen studentar marsjerande inn på borggarden for å hylle kongen og kongehuset.

Kongen og regjeringa var i ein konstitusjonell strid om styringsmakta. Statsministeren kravde at kongen skulle fastslå at talen hans ikkje var ei statshandling, ettersom talen ikkje var godkjend av regjeringa. Kongen nekta. Statsministeren gjekk av.

Ettertida meiner å kunne fastslå at det fanst tankar om eit statskupp frå hoffet, høgare offiserar og høgrekrinsar, mot regjeringa og riksdagen.

Av historiske grunnar hadde Sverige ein langt sterkare overklasse og eit sterkare offiserskorps enn oss. Dei verna seg mot demokrati og parlamentarisme på ein langt sterkare måte enn det som skjedde hos oss.

Og i 1914 hadde overklassen kongehuset med seg. Og det vart siste gongen bernadottane prøvde å styre landet.

No sit dei stille i slotta sine.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis