Då avisa var ny

I 1665 starta den dansk-norske hoffpoeten Anders Bording den første avisa i Danmark-Noreg, Den danske Mercurius.
I 1665 starta den dansk-norske hoffpoeten Anders Bording den første avisa i Danmark-Noreg, Den danske Mercurius.
Publisert

Papiravisene har problem om dagen. Lenge har dei vore viktige informasjonsberarar fram til publikum for alle som har noko på hjartet, om det no er ein som har sterke synspunkt på det som skjer akkurat no, eller det er ein kjøpmann som har sko å selje.

Då den politiske temperaturen steig utover 1800-talet, med kamp mot svenskekongen og strid mellom bønder og embetsverk, vart avisene viktige. Det er mange forteljingar om aviser som gjekk frå gard til gard, og frå hand til hand, til dei vart lesne i filler.

Og då arbeidarrørsla kom, skaffa ho seg fort eigne aviser. Dei ville sjølve fortelje kva som hende og kva som burde gjerast.

Mange meinte at tida for papiravisene var ute då etermedia kom, først radio og så fjernsyn. Slik gjekk det ikkje. Ein del aviser forsvann, men stort sett greidde bransjen seg godt gjennom førre hundreåret.

No ringjer alarmklokkene igjen. Ungdommen er på nett, og vi tilårskomne, som trur at papiravisene tilhøyrer det evige og urokkelege, som Dovre, moselova og morgonkaffien, rister på hovudet. Vi tykkjer det er bra som det er. I grunnen er vi framkomne når det gjeld informasjonsteknologi.

Men vi er aldri framkomne. Historia slår seg aldri til ro.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement