JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Då avisa var ny

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Versmakarredaktør Anders Bording, måla av Karel van Mander i 1645.

3068
20190308
3068
20190308

Papiravisene har problem om dagen. Lenge har dei vore viktige informasjonsberarar fram til publikum for alle som har noko på hjartet, om det no er ein som har sterke synspunkt på det som skjer akkurat no, eller det er ein kjøpmann som har skor å selje.

Då den politiske temperaturen steig utover 1800-talet, med kamp mot svenskekongen og strid mellom bønder og embetsverk, vart avisene viktige. Det finst mange forteljingar om aviser som gjekk frå gard til gard, og frå hand til hand, til dei vart lesne i filler.

Og då arbeidarrørsla kom, skaffa ho seg fort eigne aviser. Dei ville sjølv fortelje kva som hende og kva som burde gjerast.

Mange meinte at tida for papiravisene var ute då etermedia kom, først radio og så fjernsyn. Slik gjekk det ikkje. Ein del aviser forsvann, men stort sett greidde bransjen seg godt gjennom førre hundreåret.

No ringjer alarmklokkene igjen. Ungdommen er på nett, og vi tilårskomne, som trur at papiravisene tilhøyrer det evige og urokkelege, som Dovre, moselova og morgonkaffien, rister på hovudet. Vi tykkjer det er bra som det er. I grunnen er vi framkomne når det gjeld informasjonsteknologi.

Men vi er aldri framkomne. Historia slår seg aldri til ro.

Eingong var også avisene nye og oppsiktsvekkjande. I 1665 starta den dansk/norske hoffpoeten Anders Bording den første avisa i Danmark-Noreg, Den danske Mercurius. Ho kom ut berre ein gong i månaden, og ho var skriven på vers. Versforma var aleksandrinar, ei komplisert versform utvikla i Frankrike mot slutten av mellomalderen. Forma var med andre ord svært europeisk.

Avisa hadde mange slag stoff, også utarikskommentarar. Og dette er nok første gongen nordmenn, svært få rettnok, blir informerte om det som skjer utanfor grensene, på vers, rettnok.

Rimet fekk inga lang levetid i utanrikskronikkane, og hos Toralv Øksnevad, Richard Herrmann og Hans Wilhelm Steinfeld er det ikkje å finne.

1675 var eit dramatisk år. Europa sleit med Ludvig XIV og hans store tankar om seg og Frankrike. Det var krig i Europa.

Den danske Mercurius hadde denne kommentaren:

Frankerige.

Som nu den blide Vaar saa kjendelig begynder

Frandsosen med en fast u-tallig Hær sig skynder.

Og dersom det er sant, som fast i rycte gaaer,

Skal hand alt have Luyck: Och end vel meere faaer.

Det går altså bra med Frankrike i krigen. De har lykke, Luyck, og meir skal det bli av det slaget.

Men det er kanskje fred i sikte? Det skal forhandles i Nijmegen i Nederland.

Engelland.

Så langt har Engelland det nu med Freden fanget,

At Frandsken efter lang beraad dog har indganget

Nimwegen endelig til en forsamling sted,

Oc lofvet uden feyl at handle der om Fred.

Hvo ret en Christen er, af Hjertet bør at sige:

Gud hjelpe dertil self, och lade sverdet vige!

Gud give der til raad, och styrke deris Haand,

Som raade til fordrag, och styrke Fredsens baand!

Dette var første gong nordmenn fekk fortalt kva som hende i verda, lagt fram av den første avisa vår, som kom ut ein gong i månaden i København.

Og det vart fred i Nijmegen, så lenge det varte.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis