Då Adam tapteDet er så mykje ein ikkje kan vita om sjakkborna. For ti år sidan, då son min var med på barnesjakken i Oslo Schakselskap, såg eg kvar måndag utover eit lokale fullt av ihuga gutar og jenter. Det var mest gutar, men i barnesjakken er det lukke
Eit bilete teke nokre månader etter at Adam tapte i Oslo.Eit bilete teke nokre månader etter at Adam tapte i Oslo.
Det er så mykje ein ikkje kan vita om sjakkborna. For ti år sidan, då son min var med på barnesjakken i Oslo Schakselskap, såg eg kvar måndag utover eit lokale fullt av ihuga gutar og jenter. Det var mest gutar, men i barnesjakken er det lukkelegvis fleire jenter enn det er kvinner i vaksen-sjakken.
Adam hadde ikkje mykje til felles med dei andre. Han var litt eldre enn dei andre borna, 13 år gamal. Han gjekk på Marienlyst skole. Kroppen var lubben og uformeleg. Han sa ikkje stort. Eg hugsar berre to ord. «Adam» og «tapte». Når borna spela turnering, noterte vi vaksne resultatet i ein tabell. «Korleis gjekk det, Adam?» «Tapte.» Dei andre borna var for sterke. Eg heldt eit augo med Adam då eg lurte på om borna ville akseptera han sosialt. Men sjakken er ein inkluderande plass, og ingen reagerte på at den litt store, eldre guten tapte alle partia utan å seia eit ord.
Eg trur ikkje eg skjøna at Adam ikkje var norsk. Eit halv år seinare vart eg sett ut av kor lett det hadde vore å lura oss vaksne (og dei andre borna). «Adam» var ei tsjekkisk kvinne på 33 år som hadde rømt frå heimlandet og budde under falsk identitet på ein barneheim i Oslo. Norske aviser skreiv om den bisarre saka som enda med at Barbora Skrlova (33) fekk fem års fengsel for mishandling og tortur i sekta The Grail Movement. Fleire andre slektningar og sektmedlemer fekk endå lengre straffer i den unike saka.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.