Curt von BardelebenHan var ein ulukkeleg mann, men med eit staseleg namn kvinner kunna lika. Curt von Bardeleben fall eller hoppa ut av eit vindauge i Berlin i 1924, men han må ha gjort inntrykk på Vladimir

Frå filmen The Luzhin Defence (2000).
Frå filmen The Luzhin Defence (2000).
Publisert

Han var ein ulukkeleg mann, men med eit staseleg namn kvinner kunna lika. Curt von Bardeleben fall eller hoppa ut av eit vindauge i Berlin i 1924, men han må ha gjort inntrykk på Vladimir Nabokov som emigrerte til Berlin i 1922.

Nabokov hadde ein lukkeleg barndom i den russiske adelen, der han vart trespråkleg med perfekt overklasseaksent i russisk, engelsk og fransk. Men han kunne ikkje lika Berlin der far hans, ein kjend liberalar og avisredaktør, vart skoten rett etter at familien emigrerte. Drapsmannen var Sjabelskij-Bork, ein russisk monarkist og seinare nazist. Gjennom 15 år i byen lærte ikkje Nabokov å snakka tysk, men som lidenskapeleg sjakkspelar følgde han det blømande tyske sjakkmiljøet.

Von Bardeleben gjorde seg fyrst kjend då han kjempa i toppen i den prestisjetunge turneringa i Hastings i 1895, men tapte i runde 10 mot den fyrste verdsmeisteren (frå 1886 til 1894), austerrikaren Wilhelm Steinitz. Det var måten han tapte på, som vekte oppsikt: Von Bardeleben gav aldri opp partiet, men gjekk berre ut av lokalet og kom aldri attende.

Den andre verdsmeisteren, tyskaren Emanuel Lasker (frå 1894 til 1921), hadde ein sjakkspelande bror, Edward Lasker, som skreiv memoarboka Chess Secrets I Learned from the Masters, der von Bardeleben vart omtala som ein person i kronisk pengenaud når han ikkje var nygift. Sjakkhistorikarane Forster og Winter har nyleg sjekka arkiva og kan stadfesta at von Bardeleben gifta seg ti gonger mellom 1902 og 1919. Adelstittelen til sjakkmeisteren skal ha vore attraktiv for rike kvinner.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement