Frå historia

Cupfinalen

Det ikoniske biletet av Reidar Kvammen.
Det ikoniske biletet av Reidar Kvammen.
Publisert

Året 1947, som eg skreiv om sist fredag, gav ein tung haust for ein del av oss. Viking, stjernelaget i Rogaland, tapte cupfinalen mot Skeid frå Oslo.

Avisene hadde bygt opp til denne finalen og følgt Viking heile vegen dit. Viking hadde ikkje vore i cupfinalen sidan 1933. Dette var stort.

1 1933 spela to brør Kvammen på finalelaget, Arthur og Sverre. No representerte broren Reidar familien åleine.

Vegen til finalen var strevsam, med to semifinalekampar mot Mjøndalen. Dette var før straffesparka avgjorde kampar som ikkje gav eit klårt sluttresultat. Omkampar måtte til.

Reidar Kvammen vart skadd i siste semifinalekampen og kunne ikkje spele i finalen. Vi hadde stygge tankar, og stygge ord, om råskinna frå Mjøndalen.

For ein del av oss borna og ungdommane var fotball viktig, ikkje minst korleis det gjekk med topplaga. I grunnen var dette underleg. Vi fekk aldri sette skikkeleg fotball. Fjernsyn fanst ikkje. Å reise til Stavanger for å sjå toppfotball, var uråd. Rutebåten heim til Finnøy gjekk frå Stavanger før kampen var slutt. Og overnatting i byen var det ikkje snakk om.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel