Cella dukkar opp
Robert Hooke (1635–1703) vert rekna som oppfinnaren av mikroskopet og den første som tok i bruk omgrepet celle.
Foto: Wikipedia
Rundt år 1600 var den store vitskaplege utviklinga på veg. I Holland var det brillemakarar som eksperimenterte med brilleglas. Ved å montere brilleglasa saman på ulikt vis kunne brilleglasa forstørre det ein såg på mange gonger.
I 1608 var det fleire brillemakarar som søkte patent på ein kikert. Året etter hadde Galilei sin kikert klar. No var himmelrommet opna, og det gjekk slag i slag. Eit drygt halvt hundreår seinare kunne dansken Ole Rømer løyse ei gammal gåte. Lyset hadde fart, sa Rømer. Det fann han ut ved å halde auge med eit par månar rundt Jupiter. Kikerten gjorde dette mogeleg.
Men ein kunne også granske det som var smått og lite. Ved kikerten, som her vart kalla mikroskop, som bokstaveleg tala tyder å sjå på det som er lite, kunne ein studere det som var for lite for auget å få auge på. Og no, med det nærgåande mikroskopet, kunne ein kome livsmysteriet mykje nærare.
I 1665, litt seinare i hundreåret, sat engelskmannen Robert Hooke og studerte tynne skiver av flaskekork med det vesle mikroskopet sitt. Han oppdaga då at korkskiva var samansett av ørsmå regelbundne kammer som låg på rekke og rad. Han kalla dei celler, fordi dei minte han om munkecellene han hadde sett i klostera. Det han hadde sett, var cellevegger i korkvev.
Så var cellene oppdaga og døypte, med eit namn frå munkelivet i klostera.
Og så starta kunnskapens og vitskapens jakt på desse mikroskopiske romma.
I 1830-åra slo to tyskarar fast at både plantar og dyr er bygde opp av celler – alt liv, med andre ord.
Nye mikroskop, først lysmikroskop, sidan elektronmikroskop, gav ny kunnskap, som dei framleis gjer.
Og i dag? Oppslagsord om celler fyller åtte sider i det store leksikonet. Og dei har invadert språket vårt. Cellulose tyder «full av celler». Celluloiden er kanskje borte i dag, med cellofanen tilhøyrer dagleglivet.
Og forskarane jagar etter ny kunnskap om desse små kammera som Hook såg først.
Medisinen har langt på veg nedkjempa infeksjonssjukdommane. Då Pasteur avslørte mikrobane, var det snart slutt på det trygge livet deira. Vitskapen utvikla våpen mot dei. No ser det rettnok ut til at mikrobane kjem tilbake med nye krefter. Våpena våre bit ikkje lenger. Mikrobane har utvikla sitt eige forsvar, motstandskraft, resistens mot medisinane våre, og infeksjonssjukdommane grip på nytt om seg.
Kreft er den sjukdommen som har erstatta infeksjonssjukdommane som det største trugsmålet mot mennesket og menneskelivet. Kreft er ein cellesjukdom. I ein sunn kropp steller cellene med sitt, kvar på sitt ulike vis. Det er mange oppgåver i ein kropp, og mange celler. Kreft er celler på sjølvstyr, ute av den styringa som held orden på cellene i kroppen. Så spreier dei seg rundt og øydelegg vevet der dei kjem.
Kreft er den dominerande dødsårsaka hos oss, ved sida av hjarte- og karsjukdommar. Dei sjuke cellene drep.
Og nokon Pasteur, mannen med universalnøkkelen og det store gjennombrotet, har kreftforskarane framleis ikkje funne.
Men kanskje cellene kan levere det store nye spranget i medisinen? I årevis har ein snakka om stamceller – fantomceller som kan reparerer skade i kroppen, «kroppens superheltar», som dei blir kalla. Samtidig er forsking på stamceller eit nytt fenomen.
Det blir snakka mykje. Optimistar, skeptikarar og pessimistar spår ulikt om framtida. Nordmenn reiser til utlandet, ettersom norsk helsestell meiner vi må vite meir før vi gjev grønt lys for nye metodar.
Cella, som vart oppdaga i ei korkskive for 350 år sidan, har skaffa seg ei hovudrolle i våre liv og i vår framtid, på godt og vondt.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.