Carlsen i Afrika

Magnus Carlsen vann suverent i Elfenbeinskysten.
Magnus Carlsen vann suverent i Elfenbeinskysten.
Publisert

Det som kunne vera ei overskrift frå det førre hundreåret à la «Tintin i Kongo», gjev meining òg i 2019. Det er faktisk fyrste gongen, gjennom fem dagar no i mai, at ein regjerande verdsmeister i sjakk har spela i Afrika. Magnus Carlsen (28) valde seg turneringa i Elfenbeinskysten. Alternativet var ei turnering i Paris, då kvar spelar i Grand Chess Tour 2019 tek del i tre av fem snøggsjakkturneringar.

Carlsen har vore sprudlande i heile år. Han har fått seg ny kjærast, noko som i seg sjølv ikkje er ein garanti for suksess på sjakkbrettet. Russarane sa lenge at dei ikkje ville kunne slå Carlsen før han rotar seg opp i damehistorier, men effekten denne gongen har vore positiv. Likevel var hovudpersonen ikkje heilt nøgd med dei 27 partia i Afrika. Carlsen vann turneringa heilt suverent, sjølvsagt, og han sette ein ny rekord. Aldri har nokon vunne ei kombinert hurtig- og lynsjakkturnering med så mange poeng totalt. Ni hurtigsjakkparti og 18 lynsjakkparti gav 13 sigrar, to tap og 12 remisar. Dei to tapa kom i lynsjakken mot franskmannen Maxime Vachier-Lagrave (28), eit reknemonster med universitetsutdanning i matematikk. Carlsen var illsint. Nordmannen vil alltid vera ein god vinnar og ein dårleg tapar.

Med 7,5 av 9 poeng i hurtigsjakken er Carlsen no over ratingdraumegrensa 2900 i denne disiplinen (2903 mot 2840 for Hikaru Nakamura på 2. plass). I lynsjakkhierarkiet er Carlsen øvst med 2923, men Vachier-Lagrave er like bak med 2921: «Eg er misnøgd med lynsjakken. Eg ville eigenleg kosa meg fram til turneringssiger, men enda med å stressa og sjå meg over akslene etter konkurrentane.» Det var aldri nokon stor fare, dei fremste konkurrentane Vachier-Lagrave og Nakamura enda eit hav bak Carlsen i samandraget.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement