Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Caballus emeritus

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein arbeidshest ved Femunden vinteren 1973.

Foto: NTB scanpix

3652
20191011
3652
20191011

Eg har ein ven som er pensjonert biskop. Han kallar seg biskop emeritus, ein biskop som har trekt seg tilbake, same språkrota som meritt. Merittane er over. Og caballus er det latinske ordet for hest, same språkrota som i kavavalleri og kavaler, riddar. Caballus emeritus tyder såleis hesten som har gått av.

I mi levetid, som ikkje er nokon lang historisk periode, har hesten, stille og roleg, lunta ut av det meste.

I min barndom var bygda full av hestar. No er det ingen att, om ikkje ein velståande far har skaffa dotter si ein ridehest.

Tradisjonelt har kua og hesten konkurrert om hovudrolla i norsk gardsbruk. Kua var vedunderet som kunne gjere om gras, lauv og anna grovt plantemateriale til storarta menneskemat, som mjølk, smør og ost. Hesten var arbeidaren som dyrka marka og fekk fram stokkane frå skogen.

Dei konkurrerte om maten om det vart lite av han. Hesten vann stort sett. Han skulle arbeide og måtte ha mat.

1800-talet er organisasjonshundreåret i norsk historie. Det kristne lekfolket reiste seg, og organisasjonslivet blømde. Før hundreåret var omme, fanst det politiske parti i landet. Og jordbruket fekk sitt eige organisasjonsliv for å hjelpe fram jordbruket, først og fremst husdyrhaldet. Husdyra overtok det norske jordbruket då korndyrkinga vart utkonkurrert av importert korn.

Og her var det kua som vart prioritert landet over. I boka Hest i Nord-Østerdalen fortel Egil Simensen og Bjørn Brænd om Nordre Østerdalen Landbrugsforening, som vart skipa i 1880. Den store saka var tiltak for å fremje storfeavl, som dei to har skrive bok om før.

For avlsarbeid på hest var det lita interesse. Først 20 år seinare kjem hesten med. I årsmeldinga frå styret for 1901 står det å lese: «En gren av husdyravlen der hittil var været upåagtet og ganske forsømt, er hesteavlen. (...) Den største hindring for fremgang er distriktets mangel på fremragende hingster. Fogderiforeningen vil ha sin oppmerksomhet henvendt på og støtte disse vågnende hesteavlsbestrebelser.»

Same året, i 1901, vart det arrangert unghestutstilling på Tynset, og så gjekk det slag i slag. Interessa var stor og veksande, og det vart gitt støtte til innkjøp av avlshopper og avlshingstar. I 1915 gjekk Tønset og Tolgen herred, som dei den gongen heitte, saman om å skaffe ein avlshingst gjennom Avlslaget Tolgen-Tønset Kommunehingst. Hingsten vart kjøpt i Valdres for 5000 kroner. Staten var med i hesteavlen og betalte halve frakta og kjøpesummen.

Kva hingsten, Grindegubben, dreiv med, vart nøye protokollert i Tolgen-Tønset Kommunehingst. Årleg kom han over 90 hopper, fortel protokollen. Alvdal kjøpte sin kommunehingst året etter, i 1916. Han fekk det stolte namnet Kong Knut. Staten var med og fekk Grindegubben til Tynset. Og han interesserte seg for hingstane. Hingsten Dovre var både stamhingst og statshingst, fint skal det vere, og hadde mykje bra avkom, seier forfattarane.

Nord-Østerdal Hingstlag såg dagen i 1917. Då hende mykje i verda, og mykje kom til å hende. Først i 1919 kjøpte dei førstepremiehingsten Nordisvarten. For han måtte dei ut med 35.000 kroner. Jobbetida var komen, også i hesteavlen. Nedgangstidene kom, og kjøpet vart dyrare enn dei hadde tenkt seg og makta.

Nye lag kom, og aksjeselskap vart skipa for å skaffe gode hingstar. Vaktlister vart sette opp for å fortelje kva bygd hingsten var i til kvar tid om sommaren, slik at bøndene kunne finne hingsten når merra meinte at tida var der.

No er det over. Hesten er blitt ein emeritus, ein som var ein gong. No er han leiketøy og hobby og for turistar.

Han er send ut av den historia han ein gong var med og skapte.

Og no kan Blakken kvile.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis