Ord om språk
Burugle i jomfrubur
Nokre burar seg inne fordi dei vil ha fred og ro, andre sit i buret fordi dei er dømde for brotsverk. Å koma i «det gylne buret» er nok betre enn å verta sett i jarnbur eller løvebur, men «det sit ingen so godt i bur at han ei sat heller ute». Unnataket må vera musa som har kome seg inn i eit velfylt stabbur. Ho sit nok gjerne i buret.
Inkjekjønnsordet bur er i ætt med verbet bu og har vore med oss lenge. Den gamle tydinga er ‘bustad, (lite) hus, forrådskammer’. Ofte var det soverom i dette vesle huset, og mange gjester har gladeleg sove i buret. Ordet stabbur har nok opphavleg hatt forma stavbur (‘bur som står på stolpar’). Jordbur er bur som står på mur eller på jorda. I nokre mål har bur fått ei anna eller meir avgrensa tyding enn det har hjå oss. Tysk Bauer tyder no berre ‘fuglebur’. Engelsk bower vert helst nytta om lysthus og lauvhytter. I litterært mål kan det tyda ‘jomfrubur’.
Det er lett å sjå føre seg jomfruburet som eit lite rom der ein held jomfruer innestengde til ein har funne ein høveleg ektemake åt dei. Men då har me vildra oss inn i eventyrverda. Jomfruburet er strengt teke berre eit hus eller rom for dei ugifte kvinnene i husstanden. I dag tyder ordet ofte ‘ungjenterom’. Bandet mellom bur og kvinner er gamalt. I mellomalderen vart bur helst nytta i tydingane ‘matbu’ og ‘kvinnestove’.
Mange stader har bur vore nemning for matbua, medan loft har vist til huset der ein hadde kleda. Andre stader har bur (og bu) vore nemning for fyrste høgda i loftet. Ho som står og tek imot maten ved spleiselag (eller på godt norsk: samanskotslag), har ofte vorte kalla «mor i buret». Men det er ikkje berre mat som har vore i buret. I Norsk Ordbok finn me ord som kledebur og linbur attåt kornbur og kjøtbur.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.