BuffeenTi vaksne menn sit bøygde over sjakkbretta i i byen , der Magnus Carlsen er på jobb (sjå side 25). Aserbajdsjanaren

Karjakin og Radzjabov møter pressa etter «remisdauden».
Karjakin og Radzjabov møter pressa etter «remisdauden».
Publisert

Ti vaksne menn sit bøygde over sjakkbretta i Aliev-senteret i byen Sjamkir, der Magnus Carlsen er på jobb (sjå side 25). Aserbajdsjanaren Tejmur Radzjabov, som for 16 år sidan vann eit parti mot Kasparov, vert snøgt ferdig med partiet sitt og møter pressa.

«Du hadde kvit i dag. Kvifor spela du remis?» «Eg spela mot Carlsen, så eg sikra stillinga med remis». Like etter kjem den russiske superstjerna Sergej Karjakin ut til pressa. «Du hadde kvit. Kvifor spela du remis?» «Eg hadde uflaks. Motstandaren hadde førebudd opninga caro-kann, så eg sikra ein remis».

To rundar seinare er Karjakin den fyrste som kjem bort til pressa. «Du hadde kvit. Kvifor spela du remis?» «Eg spela mot Carlsen, så eg sikra ein remis». Like etter kjem Radzjabov: «Du hadde kvit. Kvifor spela du remis?» «Eg hadde uflaks. Motstandaren hadde førebudd ei siciliansk opning».

To rundar seinare kjem dei båe ut til pressa samstundes. «Kvifor spela de remis?» «Eg spela jo mot Karjakin, han er den beste russaren», seier Radzjabov. «Eg hadde jo svart», seier Karjakin. «Vi takkar spelarane», seier ordstyraren på pressekonferansen. Ljoden av ein liten øyrefik går gjennom rommet. Det viser seg å vera ein reservert applaus. Motstandarane går saman til buffeen i naborommet. «For eit slit», seier den eine. «Eg søv dårleg for tida», seier den andre.

Dei to sekundantane til spelarane sit på fyrste rad i spelelokalet og halvsøv etter alt analysearbeidet. Dei er på eit vis konkurrentar, men til vanleg gode stormeistervener alt frå sovjettida. Sekundanten til Radzjabov dultar borti sekundanten til Karjakin. «Partiet er visst over. La oss gå til buffeen.» «Kva trur du journalistane vil skriva no? Sergej har spela remis i alle partia.» «Tejmur òg».

Ved buffeen kjem ein journalist bort til bordet deira. «Kva seier de til alle remisane?» «Venskapen har sigra!», seier den eine sekundanten triumferande, og alle nikkar. Etter maten går dei to spelarane og sekundantane ein tur i den vakre parken utanfor senteret. Dei finn ein benk. Eit par gamle damer flyttar seg diskret og gjev plassen til sjakkspelarane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement