Frå bridgeverda
Bridgen og krigen
Krigsåra vart ei blømingstid for bridgen i Noreg. Her frå ein middag i klubben Renons i Trondheim i juni 1945. På veggen heng det norske og det britiske flagget.
Foto: Schrøder / Sverresborg Trøndelag Folkemuseum / Digitalt Museum
Medan andre verdskrigen sette ein effektiv stoppar for den gryande internasjonale bridgen, skulle dei fem krigsåra i Noreg syne seg å bli ei blømingstid som bridgen ikkje har sett maken til korkje før eller etter.
Som kjent vart idretten i Noreg i krigsåra forsøkt kuppa av tyskarane, med det resultatet at dei fleste norske idrettsutøvarar ikkje dreiv organisert idrett i desse åra. Men bridgen kom seg unna, sannsynlegvis fordi bridge ikkje var særleg utbreidd i Tyskland i mellomkrigstida, slik at tyskarane rett og slett ikkje visste stort om kva bridge var. Medan dei fleste større samkomer som ikkje var i tysk eller nasjonalsosialistisk regi, var strengt forbodne, fekk bridgeklubbane aldri noko forbod mot å samlast.
Frå det norske samfunnet i London var meldinga til norske bridgespelarar klår: Hald bridgen i gang! Bridgeklubbane vart populære samlingsstader ikkje minst for idrettsfolk som mellombels hadde kutta ut den eigentlege idretten sin. Norsk bridgeforbund voks i krigsåra frå rundt 4500 medlemer fordelte på rundt 150 klubbar, til over 20.000 medlemer fordelte på rundt 560 klubbar. Det blir hevda at somme motstandsfolk nytta bridgen som eit skalkeskjul for planlegging av illegalt arbeid, men ettersom slikt sjølvsagt ikkje kunne protokollførast, finst det ikkje klåre prov på det i dag.
Det fanst sjølvsagt tyskarar i det okkuperte Noreg som spela bridge. Klubbane og krinsane brukte utspekulerte knep for å gjera spelinga vanskeleg for dei, som å setja dei tyske spelarane opp mot hard motstand i tidlege rundar for å få dei fort utslegne. Stolte tyskarar kunne ikkje klage om dei tapte fordi dei ikkje var gode nok.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.