Bot og betring
Ordtaket seier at «d’er best å bøta før bresten vert større». Å setja bot på klede er ikkje like vanleg no som det var før, men nokre har framleis bøtingsgarn og andre bøtesaker liggjande. Ei fartsbot høver rett nok ikkje som bot på kleda, og sidan det er god helsebot i frisk luft, er det nok best å la bilen stå. Men er alt dette same slags bot?
Det dreiar seg i alle fall om same ordet. Bot har grunntydinga ‘betring’, og det kjem av ei rot som òg har gjeve oss ord som bate, batna, betre og best. Bøtene rettar og vøler saker og situasjonar som ikkje er heilt som dei skal, og dei lækjer sjukdom. Me kan råda bot på noko, gjera bot for syndene våre og leita etter gode boteråder eller botemiddel. Ordet botevon målber at noko kan setjast i stand att: «Det er botevon i skjorta.» Me kan òg nytta ordet når me talar om sjuklingar og sjansane for tilfriskning: «Det var inga botevon for henne.»
Av bot kjem verbet bøta. Dette ordet har grovt rekna tre tydingar, og alle er variantar av ‘gjera god(t) att’. Den fyrste og vidaste tydinga er ‘betra, setja i stand att, retta på mistak eller skade’ (jf. «bøta på ein gamal urett», «bøta vegen etter flaumen»). Den andre tydinga er ‘vøla gjennom å setja lapp(ar) på noko’ (jf. «bøta broka si»). Den tredje tydinga er ‘gjeva vederlag for, betala, lida for’ (jf. «måtta bøta for nyfikna si», «verta bøtelagd», «bøta med livet»). Bøta vart nytta i alle desse tydingane i mellomalderen òg. I styringstida til ein av kongane vart lovverket bøtt, og kongen – Magnus – fekk tilnamnet Lagabøte (‘lovbetraren’). I same gata finn me ord som samfunnsbøtar (‘reformator’), skobøtar, grytebøtar og fyrbøtar (frå tysk, eig. ‘person som betrar elden’).
Det ser ut til at bot i dag vert mest nytta i tydinga ‘motyting, vederlag’ (t.d. parkeringsbot, dagsbot). Botsgang og sælebot (‘velgjerning’) er det mindre tale om, og Botsfengselet, der fangane skulle sitja i einecelle og tenkja over handlingane sine før dei vende attende til samfunnet, er lagt ned. Isolasjonen i fengselet gjorde ubotleg skade: Mange vart psykiske sjuke og freista ta livet av seg. Det hadde vore betre om dei fekk arbeida i lag med andre fangar på ei grasbot eller åkerbot. Her er bot nytta i tydinga ‘flekk’. Sameleis her: «Kua har svarte bøter.»
Kristin Fridtun
Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.