Sagalitteraturen har lært oss at det er leitt å stå lagleg til for hogg. Det er ikkje bra å skamhogga foten sin heller – i verste fall gjev du deg sjølv banehogg. Hoggormen og spekkhoggaren har det greiare slik sett, for dei høgg utan øks. Når sant skal seiast, kan me òg gjera det: Me kan munnhoggast og hogga tennene i maten jamvel om me ikkje har hoggtenner. Men hoggestabbe er det vel ingen som vil vera?
Hogga er eit nedervt, sterkt verb, og det skal koma av ei rot som tyder just ‘hogga, skjera’. Substantivet høy har same opphavet, og me kan gå ut frå at høy har hatt grunntydinga ‘det som er skore el. vert skore’. Som oftast nyttar me hogga om det å slå ein kvass reiskap mot eller inn i noko(n) eller skjera snøgt over eitkvart. Me kan hogga (ned) eit tre, hogga ved, hogga av ein finger, hogga opp ein bil (jf. bilopphogging), hogga hòl i isen, hogga øksa i stabben, hogga til eit emne og hogga ned for fote. Å hogga tre er den mest typiske forma for hogging, og substantivet hogst (jf. snauhogst, tynningshogst) vert gjerne nytta om slikt arbeid. Merk òg at ordet hogg kan nyttast om hogstfelt, for når me seier at einkvan bur «like borti hogget», seier me strengt teke at personen bur i eit område der det er hogge skog.
Før i tida var det ikkje heilt uvanleg at folk hogg einannan med øks og sverd eller truga med å gjera det. Men som ordtaket seier: «Det høgg ikkje alt so hardt som det hotar.» Verbet hota kjem ikkje frå svensk: Det kjem beinveges frå norrønt (hóta ‘truga’). Men vendinga «vera på hogget» kjem frå svensk. Den som er på hogget, er skjerpt og budd til å røra seg snøgt. Bråe rørsler og ljodar vert gjerne kalla hogging, jamfør «hogga tak i», «hogga kloa i», «læraren hogg i so me skvatt alle saman». Eit strandhogg går òg snøgt føre seg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.