«Når blomen er venast, vil han visna», seier ordtaket, men no om våren treng me ikkje tenkja på slikt. Me veit rett nok at «det som tidleg blømer, vil tidleg bleikna (el. blakna)», og nokre av vårblomane har radt blømt frå seg alt. Våren er likevel kjend som årstida då alt vaknar til liv, spirer, sprett og bur seg til å slå ut i full blom.
Det kan ikkje vera mange som har noko vondt å seia om blome-orda. Dei vekkjer helst gode kjensler, til liks med vokstrane dei viser til. Rett nok kan ordet blomster nyttast skjemtande eller nedsetjande om småungar (ikkje ulikt «(du er meg) ein nydeleg nellik»), og det er ikkje alle som finn glede i ei blømande målføring. Desse leie tydingane er mestsom unnataka som stadfester regelen. Det som blømer, går godt, og blome kan – sameleis som krem – nyttast om det beste og gjævaste: «Me har samla blomen av ungdomen.» Men høyrer forma blomst til blomebuketten av blome-ord?
Ja og nei. Ja fordi forma blomst truleg kjem av norrønt blómstr, og jamvel om me ikkje veit for visst korleis blómstrvart til, veit me at ordet er i ætt med substantiva blom og blome og verba bloma, bløma og blomstra. Alle desse orda kjem frå ei germansk rot som tyder just ‘bløma’. Likevel er blomst ei form som stikk seg, for til skilnad frå dei andre formene er ho ikkje vanleg i norsk folkemål. Forma blomst byrja te seg i danske kjelder seint på 1700-talet, truleg fordi folk tok til å oppfatta blomster som fleirtalsform, og so kom blomst til Noreg derifrå. Men nynorsk fylgjer folkemålet: Her heiter det ein blomster og ein blom(e). Mange har båe orda i talemålet sitt. Dei seier gjerne at dei skal plukka eller vatna blomar, men nyttar samansetjingar som blomsterpotte, blomsterdekorasjon og blomstereng.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.