Blodet
Italienaren Marcello Malpighi (1628–1694) var biolog og lækjar. Portrettet er måla av Carlo Cignani.
Blodet heng saman med livet. Taper vi for mykje blod, døyr vi. Alle kjende kulturar kjenner denne samanhengen. Difor er blodet sentralt i folketru og religion. Menneskeblod vart ofra til gudar av mange slag. Kristi blod er sentralt i kristendommen, i tru, tekstar og songar. Ved nattverdbordet blir Jesu blod gjeven til gjestene.
Mange meinte at ein fekk motet til eit villdyr om ein drakk blodet til dyret. Menneskeblod vart nytta til medisin, helst då menstruasjonsblod eller blod frå avretta. Fosterbrør blanda blod. Svartebøker vart skrivne med blod. Kontraktar med djevelen burde underskrivast med blod.
Blodet, viktig som det er, har stått sentralt i tru og tanke i all tid. Men kva er det? Kva gjer det? Og korleis tek det seg fram?
Romarane meinte at blodet vart nytt kvar dag og at det rann berre éin veg. Dette var rådande lære svært lenge.
Legen William Harvey levde i England på 1600-talet. I 1628 publiserte han ei bok om blodet i dyrekroppen. Der lanserte han tanken om at blodet farta rundt i kroppen i eit krinslaup, med pulsårer og vener. Romarane hadde tatt feil, sa Harvey.
Eksperimentet hans, som tibakeviste den gamle læra, var enkelt. Han talde slaga frå eit hjarte. Så målte han volumet til eit liknande hjarte ved å fylle det med vatn. Dette hjartet pumpa då ti liter i timen, etter hans måling. Det gav 240 liter på eit døgn. Det var eit meiningslaust resultat. Den gamle læra måtte forkastast. Og han lanserte teorien sin om blodomlaupet. Det var same blodet som farta omkring i kroppen heile tida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.