Blix, Skaar og Støylen
Johannes Skaar vart aldri biskop i Kristiansand, men biskop vart han, først i Tromsø og sidan i Trondheim.
Foto: Fredrik Johannes Gottfried Klem
I Dag og Tid 18. mai i år skriv eg om det interessante bispevalet i Kristiansand i 1885. Sokneprest Johannes Skaar i Gjerpen fekk langt dei fleste førehandsrøystene av dei lanserte kandidatane.
Skaar var høgkyrkjeleg og konservativ, og alle biskopane kjende seg ikkje trygge på at han var den rette biskopen for det lågkyrkjelege Sørlandet. Ein ny kandidat vart lansert: biskop Jakob Sverdrup Smitt i Tromsø, tidlegare lagtingspresident.
Tradisjonelt ville ein sitjande biskop vere sikra den nye bispestolen. Så også her. Smitt vart utnemnd, til mediestorm og raseri i den konservative pressa. Å gå forbi Johannes Skaar er noko av det verste denne regjeringa har gjort, skreiv Aftenposten.
Diverre kom eg i artikkelen min i skade for å sende Bernt Støylen til Kristiansand i 1885, som den kandidaten som fortrengde Johannes Skaar. Dit kom Støylen først i 1914. Og då hadde Johannes Skaar vore død i ti år.
Men Johannes Skaar fekk snart plaster på såret. Same året, i 1885, fekk han bispestolen i Tromsø.
Statsråden i dette kyrkjelege spelet var Elias Blix, i regjeringa Sverdrup.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.