Blindgatene

Luftskipet «Norge» på Ekebergsletta i 1925, året før Roald Amundsen flaug over Nordpolen.
Luftskipet «Norge» på Ekebergsletta i 1925, året før Roald Amundsen flaug over Nordpolen.
Publisert

Blindgatene er greie gater å gå i. Gatebiletet kan vere festleg, og folk kan vere opprømte og entusiastiske. Det ser ut til å bli ein gild tur. Og så står ein brått ved veggen. Gata førte ingen stad, trass i at ferda var triveleg. No er det berre å traske tilbake og finne ein ny veg.

Historia er den øvste dommaren, seier Hegel. Ho avgjer kva som er liv laga, kva som skal ha ei framtid, og kva som etter kvart skal skaffe seg ei ærefull fortid. Og kva gater som viser seg å vere blindgater. Og ho er nådelaus. Draumar kan bli knuste, ettermæle utleverte til medkjensle eller spott, og entusiastar kan bli ruinerte.

Ballongen var menneskets første forsøk på å fly. Framtida kom ikkje til å ta ballongen med seg. Han hadde rota seg inn i blindgata. Neste forsøket var luftskipet. Det vart løfta frå bakken av store gasstankar, som ballongen. Men det var også påmontert motorar som dreiv luftskipet framover. Og denne styringsfarten gav arbeidsvilkår for eit ror. Luftskipet var eit skip i lufthavet.

Det første luftskipet med folk om bord letta i 1852. Drivkrafta var ein liten dampmaskin. Farten var 8 km i timen. Teknologien gjekk framover, og i 1910 hadde tyskaren Ferdinand von Zeppelin funne fram til ein modell som fekk gjennomslag. Den første zeppelinaren var 128 meter lang, som ein norsk fotballbane. Luftskipa vart sette inn i kommersiell passasjertrafikk, utan alvorleg uhell.

Atlanterhavet vart kryssa i 1919, og i 1926 flaug Roald Amundsen over Nordpolen med luftskipet «Norge». Der var italienaren Nobile med, og to år etterpå prøvde han seg med luftskipet Italia på same turen. Han havarerte nord for Svalbard. Mange miste livet, men Nobile vart berga. Roald Amundsen og flyet «Latham» var med i leiteaksjonen. Dei havarerte, og slik enda Roald Amundsen livet i isen.

Luftskipa hadde medgang og vart større og større. Luftskipet «Hindenburg», det største som vart bygt, var 245 m langt, over dobbel så langt som Ullevål Stadion. Det gjekk i passasjertrafikk mellom Tyskland og USA. 6. mai 1937 eksploderte «Hindenburg» under landing i New Jersey. 35 av dei 97 om bord vart drepne. Og så var luftskipet ute av soga. Luftskipet var ei blindgate.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement