Ord om språk
Blåfrosen på blåtur
Berre blåøygde optimistar går ut på blåisen i glatte skor. Faren er stor for at ein dett og slår seg både gul og blå. Det er ikkje vanleg å få eit blått auga eller blåveis når ein fell på isen, men ein må rekna med velvaksne blåmerke andre stader på kroppen. Heller det enn å slå seg so stygt at ambulansen må koma med blåljos.
Å slå dei blågule er noko anna: Det er å vinna over svenskane. «Berre blåbær!» Slik kan ein leika seg med blå til ein vert blå i andletet.
Det hadde ikkje vore merkeleg om blå opphavleg viste til noko mørkt. Blått kan vera mesta svart, og norrønt blár tydde ofte ‘blåsvart’. Blå er ikkje i ætt med blår, men ordlaget «kasta blår i augo på» er truleg ei samanblanding av blår (‘stry’) og dansk blåne (‘mørk flekk for augo’), inspirert av ordlag som «narra opp i stry».
Men nei: Blå kjem av ei rot som tyder ‘skina, brenna; skinande kvit’. Derfrå kjem ord som blakk, blank, blass, bles og latin flavus (‘gul, blond’). Ja, og engelsk black (‘svart’)! Blå er òg i ætt med fransk blaireau (‘grevling’), som kjem av eit gallisk ord som tydde ‘dyr med kvit flekk på hovudet’. Blå har gjeve oss blåna, blåne og blå (‘synsrand; blåne’).
I dag er blå den mest omtykte leten i Vesten, men dei gamle grekarane og romarane tykte lite om han: Blå var leten til barbarane.
Mange av orda våre med blå viste opphavleg til noko handfast og blått, til dømes blåkopi (kopi der tekst og bilete berre vart viste i blått). Blåmåndag kjem av tysk blauer Montag og viste til leten som vart nytta i kyrkjene måndagen i fasteveka. «Blått blod» vart fyrst nytta om vestgotiske adelsmenn: Dei hadde ljos hud og difor synlegare blodårar enn maurarane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.