Bispevalet
Bergensarar likte ikkje at biskop Peter Hognestad tala landsmål.
Biskopen er ein mektig mann i kyrkja. I kyrkja vår skal han halde oppsikt med det som skjer i området han har ansvaret for, at prestane lærer rett og lever rett, at nye prestar blir utnemnde og ordinerte, og mykje meir.
Ettersom dei kristne kyrkjene har stått sterkt i samfunna sine dei siste par tusenåra, og biskopane då har vore mektige menn, har det stått strid om bispestolane. Kven skal setje biskopen i stolen? Det handla om makt.
Ein stor strid i mellomalderen, investiturstriden, handla om dette. Var det paven eller keisaren som utpeika biskopane? Striden var bitter og dramatisk. Paven lyste keisaren i bann, slik at han måtte gå til Kanossa og be paven om nåde. Paven hadde eit gåvebrev frå keisar Konstantin å slå i bordet med. Konstantin var keisaren som opna vegen for kristendommen som statsreligion. Hans ord hadde vekt. Og han fastslo, eintydig, at paven skulle utpeike biskopane.
Den framstormande vitskapen, kjeldegranskinga og filologien, slo fast at dette brevet var rein svindel.
I vår statskyrkjetid var det kongen i statsråd som utnemnde biskopane. Statsrådane som ikkje stod i statskyrkja, veik då til side, og resten av statsrådane var då utøvande kyrkjestyre.
Dette kunne ha konsekvensar for regjeringsskipinga. Ved sida av vanleg politisk vurdering av statsrådskandidatar, av omsyn til balanse mellom landsdelane og etter kvart også mellom kjønna, måtte ein også sjå til at det vart mange nok statskyrkjemedlemar i regjeringa, slik at kyrkjestyret kunne vere fulltalig og vedtaksført når dei andre hadde gått sin veg, og biskopen skulle utnemnast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.