Biografiane
Sergej Sjipov vann overraskande mot Magnus Carlsen i Tromsø i 2006.
Eg fekk ein ljos idé for mange år sidan: Eg skulle skriva ei bok om Magnus Carlsen, sjakkmeisteren, de veit. Eg kontakta den russiske stormeisteren Sergej Sjipov, tidlegare sparringspartnar til Kasparov og den gongen den fremste sjakkkommentatoren på internett. På den tida fanst ikkje sjakk på TV, berre på gode, gamle internett. Men tidleg i samarbeidet spurde Sjipov: «Kva veit vi eigenleg om Carlsen? Kan henda bør vi venta til han vert verdsmeister.» Joda, godt poeng. Og så vart han verdsmeister i 2013. Men då sa eg: «Kva veit vi eigenleg om Carlsen? Kan henda bør vi venta til han legg opp.»
I fjor lufta eg på ny – i ei leddsetning – tanken om ei Carlsen-bok. Hans Olav Lahlum parerte ganske presist: «Problemet er at det er for seint å skriva den fyrste Carlsen-boka og for tidleg å skriva den siste.» Så då skreiv vi heller ei bok saman om dei 16 sjakkgenia i kongerekkja av verdsmeistrar fram til Carlsen. Det siste kapittelet, om Carlsen, var det vanskelegaste. Han er jo framleis aktiv, og jaktar på nye rekordar.
Den fyrste biografien kom alt i 2005, skriven av trenaren Simen Agdestein: Sjakkvidunder: Hvordan Magnus Carlsen ble verdens yngste stormester. Boka er sjarmerande og ganske interessant sjakkfagleg. Ho vart sett om til fleire språk då kombinasjonen Agdestein–Carlsen har god klang internasjonalt. Seinare kom tre norske bøker med fleire fellestrekk: Arne Danielsen: Mesteren Magnus Carlsen og sjakkspillet (2010), Hallgeir Opedal: Smarte trekk. Magnus Carlsen (2011) og Aage Sivertsen: Magnus (2015). Her er det lite snakk om sjakktrekka. Ideen er å skriva psykologiske portrett av ein uvanleg gut frå Lommedalen. Slik er òg dei to dokumentarfilmane: Prinsen av sjakk (regissør Øyvind Asbjørnsen, 2005) og Magnus (regissør Benjamin Ree, 2016).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.