Frå sjakkverda
Bilete frå Bergen
NM i cafésjakk i Bergen i 2002.
Foto: privat
Gamle private bilete som hamnar på sosiale medium, kan ha (lokal) sjakkhistorisk verdi. Biletet over er eit typisk døme. Kva ser vi? Biletet er teke før fyrste runde i NM i cafésjakk på Sardinen i Bergen 26. juli 2002. Vi legg merke til ølglaset til mannen som la ut biletet, Svein Kjenner, med kvite brikker på bord to. Motstandaren hans, med briller, er den store stjerna i Sjakk-Noreg, Simen Agdestein. Agdestein konverserer jovialt med mannen med kvite brikker på fyrstebord, den engelske stormeisteren Julian Hodgson (f. 1963). I boka eg skreiv om Agdestein for eit par år sidan, sa hovudpersonen min: «Hodgson er den mest fargerike personen jeg har møtt på og utenfor brettet.» Det er ein ganske utruleg attest å få frå Agdestein, som har møtt nokre originalar gjennom eit halvt hundreår i sjakken.
Agdestein og Hodgson spela den sumaren ein oppvisingsmatch i Bergen, som nordmannen vann. I den uformelle cafésjakken var dei favorittar, men måtte sjå seg slått av den estiske stormeisteren Kaido Kulaots. I fyrste runde hadde Hodgson svart mot ein bergensar, Tore Nilssen, professor i samfunnsøkonomi ved UiO. Nilssen er ein rein sjakkamatør, men sonen hans, Jon Ludvig Hammer (12), var god og kom på 14.-plass. Kameraten Magnus Carlsen (11) kom på 22.-plass. (Korleis kom dei inn på ein skjenkjestad?)
På tredje bord, ved sida av Agdestein, sit bergensaren Gunnar Bue (1943–2017) med kvite brikker. Alle i norsk sjakk kjende sjakkelskaren Bue. Han var den nordmannen som hadde spela mest turneringssjakk, over 3000 rata parti med lang tenkjetid. I 40 år var han drivkrafta i sjakkmiljøet i Tønsberg.
Turneringsleiar Hans Olav Lahlum står bak Agdestein. Lahlum hadde kjærleikssorg (slutt med ei svensk sjakkjente) og hadde difor barbert halve andletet som eit sjakkbrett. Lahlum var den mest aktive arrangøren og skribenten vår på den tida, men enno heilt ukjend utanfor Sjakk-Noreg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.