Ord om språk
Berre ugagn
Nokre ord gjer meir skade enn gagn, men folk har nok meint at gjegn er til stort gagn, for det dukkar jamvel opp som preposisjon og førefeste.
Teikning: May Linn Clement
«Den som har gagnet, kan ha møda med», seier ordtaket. Det læt som ei rettvis og gagnleg ordning. I røynda er det mange som slit seg helselause, og so gagnar det fyrst og fremst nokon andre. Kan henda har dei ei gagnløyse av ein sjef, til dømes ein som er leiar meir i namnet enn i gagnet.
Me kunne ha teke ein gjegnveg bort til røtene til gagn. Haken er at ordet gjegnveg er mindre kjent enn synonyma snarveg og beinveg. Adjektivet gjegn (ofte uttala gjeng, men ikkje i ætt med gjengs (av gå), som i «gjengs oppfatning») tyder både ‘tenleg, eigna, rett, rak, rettvis, god’ (norr. gegn). Det er same ordet som svensk gen, som er best kjent i superlativ: genast (‘straks’, jf. òg genväg ‘beinveg’ og gena ‘ta beinvegen’).
Nokre ord gjer meir skade enn gagn, men folk har nok meint at gjegn er til stort gagn, for det dukkar jamvel opp som preposisjon og førefeste. Norrønt í gegn (‘imot; i staden for; som vederlag’) er vorte igjen (‘tilbake; på ny; i lukka stilling’ mfl.). Det er ei dansk form. Tydingar som ‘på ny’ («no er dei her igjen») og ‘i lukka stilling’ («ta igjen døra») er òg rekna som innlånte. Det vanlege i norske målføre er å nytta att her.
Meir i tråd med det norrøne er det å nytta igjen om motytingar (endå det høver bra med att då òg): «Han bytte bort kua, fekk fela igjen.» Me har elles ordet gjengjeld, og førefestet gjen- er endå eit døme på gjegn (norr. gegn) i dansk klednad. Av norrønt dativ fleirtal í gegnum har me fått (i)gjennom, som vart drøft i denne spalta i nr. 40, 2022. Andre slektningar er engelsk again (‘att, om att’) og against (‘mot’) og tysk gegen og entgegen (‘mot’).
Og so gagn, då. Grunntydinga til dette substantivet er ‘det eigna, det nyttige’. Det er gjævt å vera eit gagns menneske og gjera gagnleg arbeid eller gjera gagn for seg på andre måtar, og det er slitsamt med skapningar som berre gjer ugagn (jf. ugagnsdyr, ugagnskråke, ugagnstre).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.