Berre til stas

Publisert Sist oppdatert

«Barna synest det er stor stas med jula», står det i Nynorskordboka under oppslagsordet stas. Nokre born tykkjer jamvel at det er stas å få stasa seg opp, medan andre hatar å måtta stilla i finstasen. Slik er det med vaksenfolket òg: Ikkje alle trivst i stasklede. Men kan du vera ein stasgut eller ei stasjente utan å vera staseleg kledd?

Det er ikkje heilt lett å seia kva stas er for noko. Me veit at det er noko positivt, og at stasen ofte er fin å sjå på eller morosam å vera med på. Stas kan dimed visa til noko me ser eller noko me kjenner. «Dei var kledde i sin finaste stas» har med yta å gjera, medan «det var stor stas då dei trefte kvarandre» viser til glede og godhug. Kva personane har på seg, er eitt feitt. Me kan jamvel nytta stas om gode kjærleiksrelasjonar: «Det var stas mellom dei.» Det vanlegaste er likevel å bruka stas i tydinga ‘pynt, prakt, pryd’, og slike utvendes saker vert gjerne oppfatta som mindre viktige enn det som er på innsida. Den som «går eller sit på stas», gjer ikkje noko nyttig arbeid, og det som «berre er til stas», kan me fint greia oss utan. Tidleg i målstriden var det nokre som uroa seg for at norsk skulle verta eit stasmål, med andre ord eit mål som ikkje vart bruka til kvardags (sjå t.d. stasmål i Norsk ordbok). «Lånt stas» er likevel det verste: Det er pynt som du ikkje eig sjølv eingong.

Ordsoga gjev oss ikkje noko klårt svar på kvar stas kjem ifrå. I bøkene står det at stas truleg er eit samanfall av to ord: Det kan dels koma av mellomlågtysk stacie, som kjem av mellomalderlatin statio (‘stasjonar eller bilete av golgatavandringa, som kyrkjelege prosesjonar stoggar ved’), og dels av eldre dansk stat (‘prakt, pynt’), som i grunnen er same ordet som vårt stat. Til grunn for alle desse orda ligg det latinske verbet stare (‘stå’).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement