Ord om språk
Berre noko kliss
Teikning: May Linn Clement
Då har nasjonaldagen vore her att, og som vanleg diska han opp med kliss i ulike former. Nokre moka i seg sukkerspinn og anna klisseri. Nokre gjekk og streva i solsteiken og vart klissblaute av sveitte. Klissvêr (vått vêr) var det lite av. Kva med talane? Det er ikkje umogleg at nokre tilhøyrarar stod og pintest og tykte at talaren berre kom med sentimentalt kliss.
Vonleg var det ingen som stod på talarstolen og nytta klissespråk. Det er anten søtt, kjæle og smeikjande språk som kjærastar og den slags nyttar til kvarandre, eller slikt tilgjort språk som folk ofte nyttar til småborn. Og medan me talar om born: Ei av tydingane til verbet klissa er ‘dulla med, skjemma bort’ («ungen er vorten klissa for mykje med»).
Kven er denne kliss som driv og klissar til ordtilfanget vårt? Me veit ikkje for visst kvar ordet kjem frå. Det finst ein stor flokk med ord på kl- som viser til klissete saker. Nokre ordbøker seier at kliss høyrer til der.
Dersom det er rett, er kliss nærskyldt ord som klegg (eig. ‘insektet som hengjer seg fast’), kleim(e) (‘klister, lim; ein blyg og seinvoren person; person som vil kjæla’ mfl.), kleima (‘klistra noko opp; hengja seg fast; klina seg innpå; tala ureint til born’, jf. kleisa ‘lespa’), kli (t.d. havrekli), klister, klistra og ikkje minst klin og klina (som eg skreiv om i nr. 25/2020 ).
Av same rota kjem kliva (‘klatra’, eig. ‘klistra, sitja fast’), kleiv (‘bratt bakke, bergrygg med veg eller stig over’, eig. ‘klatring, stad der ein kan koma seg over’), bokmål klebe og klebrig (frå tysk), truleg lånordet gluten (av latin gluten ‘lim’, jf. òg engelsk glue ‘lim’) og engelsk clay (‘leire’).
Lesarar med og utan klisterhjerne hugsar nok at orda klister og klistra nyst vart nemnde. Jamvel om klissa og klistra ikkje er kliss like, kan dei nyttast på mykje den same måten (t.d. «deigen klissa seg til fingrane», «håret klistra seg til panna»). Men me seier at folk sit klistra til skjermen, ikkje klissa, og me pyntar med klistremerke, ikkje klissemerke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.