Me lærer tidleg at me ikkje skal klina med maten, likevel brukar me jamt verbet klina om mat. Lefse eller (flat)brød med smør (eller noko anna godt) kallar me klining eller berre kling. Å stryka smør på brødet er å «klina seg brød» eller rett og slett «klina seg». Å forsyna seg er å «klina på åt seg». Dessutan kan brunost og annan mat klina seg fast i ganen.
Norrønt klína vart òg nytta om å stryka smør på brød, og alt den gongen nytta dei nemninga klíningr om påsmurt (flat)brød. I dei nordiske måla vert klina i dag nytta noko ulikt, men tydinga ‘smørja’ finn me hjå alle. Merk elles at svensk både har klena (‘stryka på, smørja’) og klina (‘stryka leire på husvegg’). Sistnemnde skal vera ei skånsk form, for just i Skåne har det vore svært vanleg med «klinhus», dei kallar. Verbet klina er i ætt med ei rad seige og klabbande ord, som kleima, klegg (eig. ‘insektet som kleimer, hengjer seg fast’) og låneorda kleba og klister. Hankjønnsordet klin (‘innpåsliten person; ertekrok’) og inkjekjønnsordet klin (‘noko som er klint utover; smørje; kjæling’) høyrer òg heime her.
Opphavet til adverbet klin (t.d. «klin galen», «klin lik») er meir uklårt. Nynorskordboka og Bokmålsordboka skriv at det truleg kjem av klinisk, men Norsk Ordbok (NO) og Det Norske Akademis ordbok (NAOB) skriv at ordet kan koma av engelsk clean (NO viser til adjektivet clean ‘rein’, medan NAOB viser til adverbet clean ‘fullstendig, heilt’). Dei to sistnemnde ordbøkene skriv òg at ordlaget «klin kokos» kan henga i hop med den økonomisk vågelege innførsla av kokosolje kring byrjinga av fyrste verdskrigen, men det kan henda at den tolkinga er for god til å vera sann.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.