Berre lokkemat

Publisert

Når me høyrer vene lokketonar, er det freistande å fylgja låten. Kan henda trur me at me skal få noko me lenge har ynskt oss, og so skundar me oss mot målet i vill glederus. Det hender at dei som lokkar, gjev oss det me vil ha, men ofte har dei heilt andre planar for oss: Dei har lokka oss i ei felle.

Lokking treng ikkje vera det same som luring, men det er ei gamal gjerd å nytta lokka i tydinga ‘narra, få nokon til å gjera noko som er til meins for dei’. Ordet er mellom anna nytta i Den yngre Edda (både i originalteksta og i mange av omsetjingane), i ein av bolkane som fortel korleis æsene fekk lagt bandet Gleipne på Fenrisulven. Det er ikkje so underleg at me brukar lokka om luring og uærleg spel, for ordet er etter alt å døma i ætt med ljuga og lygn. Mykje av lokkinga vår går just ut på å gjeva nokon eit rangt bilete av røynda. Lokkefuglar og lokkepiper fortel dyra at ein artsfrende – ikkje eit menneske – er i nærleiken (og vil ha kontakt). Lokkeprisar er eit anna døme. Likevel har lokka nokre drag som orda ljuga og narra ikkje har, og eit av dei er at lokka helst vert nytta om rørsle mellom to stader.

Når me vil at nokon skal koma dit me sjølve er, kan me lokka på dei. Det er vanleg å ropa til seg dyr på denne måten, jamfør kulokk og lokkenamn som pus, kiss og gis. Når me lokkar (på) dyra våre, er det som oftast ikkje fordi me vil narra dei. Likevel er grensa litt uklår her. Når me ropar inn katta og stengjer døra bak henne når ho har stige inn, er ikkje det litt som ei felle? Me kan òg bruka lokka om stader, saker og tilstandar som verkar dragande på oss, og draginga treng ikkje ha noko med narring å gjera. «Byen lokkar og dreg.» «På bordet stod ei lokkande kake.» «Einsemda lokkar henne.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement