JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Berre lokkemat

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2364
20200626
2364
20200626

Når me høyrer vene lokketonar, er det freistande å fylgja låten. Kan henda trur me at me skal få noko me lenge har ynskt oss, og so skundar me oss mot målet i vill glederus. Det hender at dei som lokkar, gjev oss det me vil ha, men ofte har dei heilt andre planar for oss: Dei har lokka oss i ei felle.

Lokking treng ikkje vera det same som luring, men det er ei gamal gjerd å nytta lokka i tydinga ‘narra, få nokon til å gjera noko som er til meins for dei’. Ordet er mellom anna nytta i Den yngre Edda (både i originalteksta og i mange av omsetjingane), i ein av bolkane som fortel korleis æsene fekk lagt bandet Gleipne på Fenrisulven. Det er ikkje so underleg at me brukar lokka om luring og uærleg spel, for ordet er etter alt å døma i ætt med ljuga og lygn. Mykje av lokkinga vår går just ut på å gjeva nokon eit rangt bilete av røynda. Lokkefuglar og lokkepiper fortel dyra at ein artsfrende – ikkje eit menneske – er i nærleiken (og vil ha kontakt). Lokkeprisar er eit anna døme. Likevel har lokka nokre drag som orda ljuga og narra ikkje har, og eit av dei er at lokka helst vert nytta om rørsle mellom to stader.

Når me vil at nokon skal koma dit me sjølve er, kan me lokka på dei. Det er vanleg å ropa til seg dyr på denne måten, jamfør kulokk og lokkenamn som pus, kiss og gis. Når me lokkar (på) dyra våre, er det som oftast ikkje fordi me vil narra dei. Likevel er grensa litt uklår her. Når me ropar inn katta og stengjer døra bak henne når ho har stige inn, er ikkje det litt som ei felle? Me kan òg bruka lokka om stader, saker og tilstandar som verkar dragande på oss, og draginga treng ikkje ha noko med narring å gjera. «Byen lokkar og dreg.» «På bordet stod ei lokkande kake.» «Einsemda lokkar henne.»

Når me lokkar i tydinga ‘prøver å overtala, freistar’, sameinar me mestsom alle dei nemnde tydingane. Me fer kanskje ikkje med reine lygner, men ei form for manipulering er det like fullt. Me prøver å få nokon til å flytta seg dit me vil, i biletleg tyding. Me vil at dei skal seia eller gjera eitkvart, og kan henda må me bruka biletleg lokkemat (t.d. fagre ord), biletlege lokkeduer (t.d. fagre kvinner) eller andre lokkemiddel. Stundom vert me lokka til vituge syslar, jamfør det gamle ordtaket: «Løn og æra lokkar folk til å læra.»

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis