Frå sjakkverda

Berre i Vegas

Levon Aronjan og mystiske Hans Niemann i Las Vegas. Det finst ikkje bilete frå turneringa av Niemann og Carlsen saman.
Publisert Sist oppdatert

Magnus Carlsen (34) skal verta far og trappar ned sjakken på sitt vis. I månadsskiftet mai/juni vann han Norway Chess i Stavanger, den einaste klassiske turneringa han prioriterer. I byrjinga av juli vann han ei lyn- og snøggsjakkturnering over fem dagar i Zagreb føre resten av verdseliten. Men vinnaren såg litt molefunken ut då han fekk premien, han hadde ikkje spela så godt. Carlsen orsaka seg og meinte sigeren kom av «lova om store tal». I eit turneringskonsept med heile 27 parti vinn den beste spelaren til slutt.

Då Carlsen i sommar fekk ein rating på over 2900 i fischersjakk, som han kallar fristilsjakk, kom smilet. «Kva tyder dette for deg», spurde journalistane. «Ikkje anna enn at kona mi elskar meg litt høgare enn før», svara Carlsen om ratingrekorden. Nordmannen er utan tvil best i verda i alle moglege disiplinar: klassisk sjakk, snøggsjakk, lynsjakk og fischersjakk/fristil.

Neste post på sommarprogrammet var den store fristilturneringa i Las Vegas. Her var Carlsen både arrangør og favoritt i eit nytt format som tok meg på solsenga. Som vi hugsar frå Zagreb, var spelet til verdseinaren noko ujamt. Og fyrste dagen i Vegas var slett ikkje bra: berre fire av sju moglege poeng. Carlsen måtte ut i omspel mot amerikansk-armenske Levon Aronjan (42), den einaste i verdseliten som vart invitert i bryllaupet hans i vinter. Carlsen tapte 0–2 og gjekk ikkje vidare til kvartfinalen.

Skandalemakaren Hans Niemann (22) jubla vilt over Carlsen-fiaskoen: «Dette er den beste dagen i livet mitt!» Eg miste interessa for turneringa. Eg registrerte at Carlsen heldt fram med å spela, men kven interesserer seg for kampen om niandeplassen?

Etter eit par dagar skjedde det eg trudde var matematisk umogleg: Carlsen hadde spela seg attende i kvartfinalen. «Only in Vegas!» Carlsen vann no fem parti på rad mot unge indiske geni, og på finaledagen slo han Hikaru Nakamura (37).

Så vann Carlsen turneringa i Vegas? Nei, han kvalifiserte seg jo eigenleg ikkje for kvartfinalen, så han vann berre «loser’s bracket» og kom på tredjeplass totalt. Forstå det den som vil.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement