Bergnebb
Livet tok altfor tidleg slutt for denne vesle bergnebben. Livet tok altfor tidleg slutt for denne vesle bergnebben.
Foto: Arve NilsenFoto: Arve Nilsen
Nokre få meter utanfor badegrunna vår er det ei lita undervassteinur der solstrålar skin på skrå ned i det grøne vatnet inne på grunna, og der grisetang og martaum står strake i straumstilla som ein forhistorisk og framand skog. Grøne og raude kråkebollar pyntar opp og ser rett nok fredelege ut, men har eit lurvete rykte som nådelause rovdyr med nedbeiting av store tareskogar på samvitet.
Med omsyn til rasering av miljøet, både under og over vatn, burde kanskje eg som svømmer sakte med dykkarmaske og snorkel gjennom dette vakre naturakvariet, ha større sjelekvalar enn kråkebollane. Men det som fangar interessa min nett no, er stimane med småfisk som bur her i steinura, nærare bestemt nokre familiar med raudbrune bergnebbar som utfaldar sitt privatliv eit par meter under meg, utan å sjå ut til å være særleg bekymra for noko som helst.
Bergnebben (Ctenolabrus rupestris) er ein karakteristisk liten saltvassfisk: Han er litt flat i fasongen og har ein imponerande liten trutmunn med skarpe tenner, ein utsjånad han deler med dei mange andre artane av det vi kallar leppefisk (Labridae). Bergnebben er den minste av leppefiskane, vanleg storleik er 10–15 centimeter, og dei kan leve i 25 år. Dei et smådyr dei finn på stein og tang inne på grunna, og dei har elles ein avslappa livsstil. Rogna gyter dei i dei frie vassmassane, stell og pass av rogn og yngel overlèt dei til naturen sjølv. Om vinteren blir dei dorske og late og gøymer seg helst inne i steinura til våren kjem.
Brutal lagnad
Eg flyt sakte forbi den vesle familiegruppa, dei modigaste våger seg nokre meter ut frå bergveggen, men det er alltid kort veg inn til ein gøymestad. Dei har mat i overflod, og det heile ser nett så idyllisk ut som naturen kan vere så lenge ein hugsar at sjukdom, svolt og brå død er normale hendingar i kvardagen til dei ville fiskane.
Men mange bergnebbar går ein annan og langt meir brutal lagnad i møte. I 2018 blei det fiska opp over 7 millionar bergnebbar med teiner. Dei som overlever fangst, eventuell mellomlagring og så transport til næraste laksefarm, vil ende opp som tvangsutskrivne luseetarrekruttar i den norske reinsefiskhæren. Leppefiskane blir blanda inn med laksen i ein laksemerd, der dei får venne seg til å skaffe mat ved å plukke lus av huda på laksen. Det starta i det små i 70-åra, men då dei kjemiske lusegiftene slutta å verke på 2000-talet, skaut bruken av leppefisk fart for alvor. Alle artane blei prøvde: bergnebb, berggylte, grasgylte, brungylte, raudnebb og blåstål. Det blei omtalt som ein nær sagt økologisk metode for å temje lusa, men i røynda hadde denne historia også ei anna og mørkare side. Ta bergnebbane – dei er stasjonære fiskar som lever i små grupper som toler stresset ved fangst, transport og utsetjing i merdane dårleg. Mange av dei fanga fiskane svelt i hel eller døyr av sjukdom lenge før dei kan gjere nokon nytte i merdane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.