Bergnebb
Livet tok altfor tidleg slutt for denne vesle bergnebben.
Foto: Arve Nilsen
Under overflata
Arve Nilsen er veterinær og forskar ved Veterinærinstituttet. I denne spalta tek han føre seg følgjene av lakseoppdrett.

Nokre få meter utanfor badegrunna vår er det ei lita undervassteinur der solstrålar skin på skrå ned i det grøne vatnet inne på grunna, og der grisetang og martaum står strake i straumstilla som ein forhistorisk og framand skog. Grøne og raude kråkebollar pyntar opp og ser rett nok fredelege ut, men har eit lurvete rykte som nådelause rovdyr med nedbeiting av store tareskogar på samvitet.
Med omsyn til rasering av miljøet, både under og over vatn, burde kanskje eg som svømmer sakte med dykkarmaske og snorkel gjennom dette vakre naturakvariet, ha større sjelekvalar enn kråkebollane. Men det som fangar interessa min nett no, er stimane med småfisk som bur her i steinura, nærare bestemt nokre familiar med raudbrune bergnebbar som utfaldar sitt privatliv eit par meter under meg, utan å sjå ut til å være særleg bekymra for noko som helst.
Bergnebben (Ctenolabrus rupestris) er ein karakteristisk liten saltvassfisk: Han er litt flat i fasongen og har ein imponerande liten trutmunn med skarpe tenner, ein utsjånad han deler med dei mange andre artane av det vi kallar leppefisk (Labridae). Bergnebben er den minste av leppefiskane, vanleg storleik er 10–15 centimeter, og dei kan leve i 25 år. Dei et smådyr dei finn på stein og tang inne på grunna, og dei har elles ein avslappa livsstil. Rogna gyter dei i dei frie vassmassane, stell og pass av rogn og yngel overlèt dei til naturen sjølv. Om vinteren blir dei dorske og late og gøymer seg helst inne i steinura til våren kjem.
Brutal lagnad
Eg flyt sakte forbi den vesle familiegruppa, dei modigaste våger seg nokre meter ut frå bergveggen, men det er alltid kort veg inn til ein gøymestad. Dei har mat i overflod, og det heile ser nett så idyllisk ut som naturen kan vere så lenge ein hugsar at sjukdom, svolt og brå død er normale hendingar i kvardagen til dei ville fiskane.
Men mange bergnebbar går ein annan og langt meir brutal lagnad i møte. I 2018 blei det fiska opp over 7 millionar bergnebbar med teiner. Dei som overlever fangst, eventuell mellomlagring og så transport til næraste laksefarm, vil ende opp som tvangsutskrivne luseetarrekruttar i den norske reinsefiskhæren. Leppefiskane blir blanda inn med laksen i ein laksemerd, der dei får venne seg til å skaffe mat ved å plukke lus av huda på laksen. Det starta i det små i 70-åra, men då dei kjemiske lusegiftene slutta å verke på 2000-talet, skaut bruken av leppefisk fart for alvor. Alle artane blei prøvde: bergnebb, berggylte, grasgylte, brungylte, raudnebb og blåstål. Det blei omtalt som ein nær sagt økologisk metode for å temje lusa, men i røynda hadde denne historia også ei anna og mørkare side. Ta bergnebbane – dei er stasjonære fiskar som lever i små grupper som toler stresset ved fangst, transport og utsetjing i merdane dårleg. Mange av dei fanga fiskane svelt i hel eller døyr av sjukdom lenge før dei kan gjere nokon nytte i merdane.
Dårleg rettsvern
Om alle leppefiskane døyr, har tiltaket til no vore enkelt: Fyll på med fleire fiskar. Mattilsynet har lenge stilt få krav om tilsyn, men kom i februar i år med krav om at næringa må betre velferda kraftig viss dei skal kunne halde fram med bruk av reinsefisk. Fiskeridirektoratet har laga reglar for fisket av leppefisk, mengde, minstemål og fredingstider. Det er likevel uvisst kva som er tolegrensa for dei ville bestandane, og kva det kan føre til av genetisk kaos med flytting av vill fisk opp og ned langs kysten. Til og med frå Sverige er det henta så mykje leppefisk at villfisk rundt Smøla har fått ein god slump svenske genar. Éi løysing har vore å bytte ut leppefisken og bruke oppdretta rognkjekse som luseetar. Men rognkjeksa slit med myke av dei same problema når ho blir sett ut i laksemerdane.
Med å bruka reinsefisk (leppefisk og rognkjeks) mot lus prøver vi å løyse eitt problem (lusa) med å lage fleire nye og minst like alvorlege problem: ei elendig velferd for dei små hjelparane, utarming av lokale leppefiskbestandar og ukontrollert spreiing av sjukdom og framande genar.
No er det midtsommar, og eg skal snart dra på besøk til bergnebbane ved badeplassen vår. Dei har det nok fint i den grunne bergveggen sin, med hus og mat og heile familien rundt seg. Eg håper dei får vere i fred der.
Arve Nilsen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Mange av dei fanga fiskane svelt i hel eller døyr av sjukdom lenge før dei kan gjere nokon nytte i merdane.
Fleire artiklar
Butikkvindauge i Worth Avenue i Palm Beach i Florida.
Alle foto: Håvard Rem
Det blonde reservatet
PALM BEACH: Krig og folkevandring verkar inn på alle vestlege val. Eit amerikansk presidentval kan verka andre vegen òg.
Lewis Lapham på Lapham’s Quarterly-kontoret ved Union Square på Manhattan.
Ein lang marsj mot idiotveldet
NEW YORK: Sett frå minnestunda for Lewis Lapham ser den politiske dagsordenen i USA mindre ny ut.
VINNAREN: På søndag vart Herbert Kickls Fridomsparti (FPÖ) for første gongen største parti i det austerrikske parlamentsvalet. Får partiet makt, vil dei jobbe for å oppheve sanksjonar mot Russland.
Foto: Lisa Leutner / Reuters/ NTB
Politikk i grenseland
Austerrikarane ser på seg sjølv som ein fredsnasjon. Likevel røystar ein tredel på prorussiske høgrepopulistar.
Eldspåsetting og steinkasting i Ramels veg i Rosengård i Malmö. Ivar Hippe har intervjua innbyggarar i utsette bydelar i Vest-Sverige.
Foto: Johan Nilsson / TT / AP / NTB
– Det kjem til å bli stygt
Ivar Hippe fekk lyst til å sjå nærmare på dei svenske tilstandane. Etter tre års arbeid er Sverige 2024: Beretninger om et land i krise her. Staten må ta styring, seier han.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»