Beethoven og Karl Johan
Jean-Baptiste Bernadotte, eller Karl Johan (1763–1844), som han heitte i Noreg og Sverige.
Foto: Wikipedia
Sakførarsonen Jean-Baptiste Bernadotte frå Pau i Sør-Frankrike, fødd 1763, gjorde det vi må kalle ein kometkarriere. Han slo seg opp militært under revolusjonen og enda som ein av feltmarskalkane til Napoleon. Napoleon var aldri heilt trygg på han og prøvde å få han bort frå rivaliseringa og maktspelet i Paris. Først vart han ambassadør i Wien, før han vart utnemnd til Frankrikes første ambassadør i den nye staten USA. Den stillinga nekta han å ta imot. Han ville heller sjå kor langt han kunne drive det i Paris. I 1807–1809 var han kommandant i Hamburg. Det vart han søkkrik på.
Så gjekk det slag i slag. I 1810 vart han på forunderleg vis svensk kronprins. Kongen, Karl XIII, var barnlaus. Den nyvalde kronprinsen, den dansk-norske generalen i den siste krigen mot svenskane, Carl August av Augustenborg, døydde i ei militærøving, og Sverige var dermed utan kronprins.
I grunnen var det i eit fransk kongehus svenskane såg etter den nye kronprinsen. Men dei som var i Paris for å leite, kjende Bernadotte frå krigen og hadde eit godt inntrykk av han. Så vart Bernadotte spurd. Han svara ja, og riksdagen i Örebro bukka og takka i 1810, etter spreiing av mange milde gåver. Napoleon sa ja. Det var godt å få han ut av fransk politikk. Og kongen adopterte den nye kronprinsen.
I 1814 var han hovudfienden til kong Kristian Fredrik og sjølvstendemennene på Eidsvoll. Før året var omme, var han også norsk kronprins, og frå 1818 var han norsk-svensk konge. Han var ein mektig mann som gjerne ville regjere, og konfliktane mellom han og Stortinget var mange, som det også var mange konfliktar i Sverige.
Norske 1800-talshistorikarar var harde i dommen over Karl Johan og styret hans. I dag er han rekna som ein god konge, også for nordmennene. Mot slutten av livet vart han langt på veg forsona med det norske folket.
Han hadde ein son, Oskar, som måtte få ei dronning, og ho måtte veljast slik at det nye svenske kongehuset vart sydd sterkt og godt inn i det europeiske kongelege nettverket. Dei komande prinsane og prinsessene måtte ha gode slektsband både hit og dit.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.